No har du kanskje sjekka kven som skriv dette stykket og tenkjer kva er det ho der Åshild har på hjarta no igjen? Ja, eg uttaler meg gjerne ofte – og eg «har mange hattar på». Ofte er det kyrkjehatten, andre tider hagelagshatten, eller trimhatten, men vent litt, for i dag vil eg ta på dansehatten.
Eg er ikkje spesiell ved å bera mange ulike hattar. Me som bur i Samnanger er ofte med i mange ting, og heldigvis let me oss begeistra av mange ulike folk og aktivitetar. På 17. mai ser me så tydeleg alt det flotte me har i Samnanger. Folk stiller opp og alle prøver å gjera si oppgåve, slik at dagen blir til det beste for alle.
Eg var berre bestemor dette året, og kunne verkeleg få observera kva andre ytte. Skrytelista kan bli lang: Frå alt det praktiske som 6. klasse med foreldre hadde organisert så flott, til faneberarar i toget etter den fantastiske skulemusikken vår. Opplegget ved Samnangerheimen med god tale og nydeleg song, og ikkje minst allsongen av fedrelandssongane våre attåt skulemusikken sin flotte musikk.
Men no kjem dansehatten min på! Eg blei verkeleg imponert over leikarringen frå Nordbygda ungdomslag. Då eg såg desse dansarane, fekk eg lyst å framheva dei i Samningen. De har stilt opp i mange år med den vesle flokken dåkas. I år var det ein herleg gjeng med småjenter som vart svinga i lufta av dei flotte unge jentene som driv leiken. De som held ut som leiarar fortener verkeleg skryt! Det er tungt å driva ein aktivitet som ikkje får så mange nye medlemmar. Kva kan gjerast for at leiken kan få eit oppsving?
For om lag 15 år sidan heldt skulemusikken nesten på å bli nedlagt pga av få medlemmer. Aktive vaksne gjekk inn, søkte pengar, organiserte, satsa på gode dirigentar og nærare samarbeid med kulturskulen. Og sjå kva me har i dag! Norgesmeistrar i 2. divisjon janitsjar. Eit flott miljø med aldersblanding der den enkelte har sin viktige plass i fellesskapet. Oj, der kom skulemusikkhatten på.
Kan denne erfaringa nyttast for å fremja folkedansen blant dei unge her i bygda? Eller skal dette berre døy ut? Det er ein viktig del av kulturarven vår, og turistane vil gjerne sjå folklore. Å dansa folkedans gir glede, styrkjer kroppsbehersking, takt og musikalitet – er inkluderande og moro.
Dette veit eg frå eiga erfaring. Med ein far som felespelar var det heilt naturleg for meg «å gå på leik» og å ha framsyningar på 17. mai. Seinare var eg leikleiar for yngre born. Eg berømmer ungdomslaget for å leggja til rette for å utvikla unge leiarar.
Mange med meg skrytte av leikarringen på 17. mai, men kvar er gutane blitt av? Eg har ikkje hatt kontakt med Nordbygda ungdomslag, men reknar med at dei kunne tenkt seg fleire danseglade born – både jenter og gutar. No sender eg oppfordringa ut om å tenkja saman med Nordbygda ungdomslag om korleis denne aktiviteten kan løftast og gjerast meir populær blant skuleborna. Kan det verta eit samarbeid med skulen og kulturskulen? Om fleire får ein smakebit, kan det kanskje auka interessa? Håpar lærarar og rektor for kulturskulen kan ta denne ballen saman med dei som no driv leikarringen. Born i bunad, musikk og dans høyrer liksom med på 17. mai – i alle fall for oss som vaks opp i Nordbygda.
Takk til alle som ytte mykje for oss denne flotte 17. mai-dagen. Fleire innslag og arenaer fortener skryt, men eg klarte ikkje få med meg alt i varmen. Du veit kva du gjorde, og eg håpar nokon har skrytt av deg.
Om du som les dette tenkjer at eg skulle sagt noko fint til nokon, så er det aldri for seint. Ta ein telefon, eller stopp opp neste gong du møter vedkomande. Eit godt ord kostar så lite, men betyr så mykje for den som får det.