Abonnementsvilkår
Generelle vilkår
For kjøp av abonnement på lokalavisa Samningen gjeld følgjande vilkår:
Seljaren er: Samningen, Reistadliane 22, 5652 Årland. Org.nr. 970956891. Tlf. 56 58 77 05.
E-post: post@samningen.no.
Kjøp og levering
Avtalen er bindande for begge partar når kjøparen har sendt abonnementsbestilling til oss. Betaling skjer digitalt på www.samningen.no når løysinga er tilgjengeleg der. Alternativt får kjøparen tilsendt faktura på e-post. Betalingsfristen er 14 dagar.
Levering har skjedd når kjøparen har fått tilgang til avisa, enten digitalt eller på papir. For å lesa avisa på digitale plattformer må kjøparen oppretta ein digital brukar. Framgangsmåten er forklart på https://samningen.no/abonnement/bli-abonnent/
Dersom kjøparen ikkje får tilgang til produktet, skal seljaren kontaktast snarast for å kunna gje assistanse.
Angrerett
For kjøp av abonnement må angreretten nyttast innan 14 dagar frå første utgåve er gjort tilgjengeleg for kunden. Melding om dette skal sendast til post@samningen.no. Innbetalt beløp skal i slike tilfelle betalast tilbake til kunden utan ugrunna opphald.
Manglande levering
Dersom kjøparen ikkje får tilgang til dei produkta som inngår i abonnementet, pliktar vedkomande å melda frå til Samningen så snart som mogeleg på telefon eller epost. Greier ikkje avisa å løysa leveringsvanskane, har kunden rett til å heva kjøpet.
Konfliktløysing
Eventuelle tvistar mellom kjøpar og seljar skal partane prøva å løysa på minneleg vis. Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling. Tilsynet er tilgjengeleg på tlf. 23400600 eller www.forbrukertilsynet.no.
Øvrige vilkår:
- Samningen tilbyr 6 og 12 månaders abonnement.
- Prisane vert justerte ved kvart årsskifte. Det gjeld eigne prisar for utanlandsabonnentar og studentar/militære som mottek papiravisa.
- Eit abonnement består av e-avis og papiravis som kjem ut 48 gonger i året. E-avisa er ei digital utgåve av papiravisa som du kan lasta ned gjennom Samningen sin app. Appen er tilgjengeleg i Google Play (android) og AppStore (ios). Du kan i tillegg logga deg på og lesa avisa frå PC/Mac. Du må vera registrert som abonnent for å kunna lesa avisa digitalt.
- Gjennom appen kan du også søkja i Samningen sitt elektroniske arkiv, der alt avisa har gjeve ut er tilgjengeleg.
- Brukarnamn og passord til avisa sine digitale tenester må ikkje delast med andre enn medlemmer av abonnenten sin eigen husstand. Dersom abonnenten gjev brukarnamn og passord til nokon som bur på andre adresser, eller på annan måte misbrukar Samningen sine tenester, har me rett til å stengja tilgangen og stoppa avisleveringa utan refusjon av innbetalte abonnementspengar.
- Når abonnenten er ei verksemd, vert abonnementet knytt til éin (1) digital brukar, og det digitale produktet kan berre nyttast av den personen som har registrert brukarnamn og passord.
- Prisen på abonnementet er den same uansett korleis du vel å lesa avisa. Ønskjer du ikkje å motta papiravisa, melder du frå om dette.
- Faktura kan sendast på e-post eller papir. Du sparar fakturagebyret på kr. 35,- dersom me kan senda fakturaen digitalt. Har du ikkje oppgjeve e-postadressa di til Samningen, kan du senda ho til abonnent@samningen.no. Husk å oppgje kven abonnementet er registrert på.
- Abonnementet er gyldig straks det er registrert. Dersom abonnementet ikkje vert betalt innan rimeleg tid etter forfall, vert leveringa av avisa stoppa og det vert sendt ut faktura for den tida du har motteke avisa.
- Abonnementet er aktivt fram til det vert sagt opp. Ved oppseiing går abonnementet ut den perioden det er betalt for, men vert ikkje fornya.
- Alt innhald vert stilt til rådigheit for vising/lesing. Kopiering eller utskrift til eige personleg bruk er tillate. Ytterlegare bruk og framstilling krev godkjenning frå avisa. Verksemder må ikkje mangfaldiggjera materiale, spreia innhald frå Samningen på nettet eller utnytta innhaldet kommersielt. Det vert elles vist til lov om opphavsrett.
- Spørsmål om bruk av innhald frå Samningen kan rettast til redaktøren på e-post: hallvard@samningen.no.
Spesielle vilkår for papiravisa
- Papirleveringa kan flyttast til ny fast adresse eller til ferieadresse.
- Dersom papiravisa skulle utebli, må abonnenten melda frå om dette til Samningen snarast råd.
- Mellombels stopp i leveringa av papiravisa vert ikkje godskrive, då sjølve abonnementet er aktivt og dei digitale tenestene vert leverte kontinuerleg.
01.07.2024