Dagen starta i hagen på Samnangerheimen.

TALA: Solvor Aadland feira at det er 211 år sidan 112 menn samla seg på Eidsvoll for å skriva under grunnlova. – Dei blei einige om at Noreg skal vera eit fritt og fredeleg land, «enige og tro inntil Dovre faller», seier Solvor. FOTO: Siri Ravn

HØGTIDELEG: Skulemusikken starta heile feiringa med nasjonalsongen. FOTO: Siri Ravn

PYNTA MED SLØYFE: – Naturen har kledd seg i si finaste drakt. Men det er ikkje berre naturen som strålar i dag, seier Solvor Aadland i talen. FOTO: Siri Ravn

SONG: Svitlana Shyrkova frå Ukraina song om skogen, fjell, menneskelege draumar, kjærleik og vår. – Tusen takk! Eg er glad for at eg er i Noreg, seier Svitlana. FOTO: Siri Ravn

UNDERHELDT: «Leiken» dansa og song «Det fløy en liten blåfugl». FOTO: Siri Ravn
Folket samla seg og starta på marsjen frå Samnangerheimen og opp mot barneskulen. Sola steikte.

FOLKEHAV: Korps og skuleklassar kjem først, så følgjer alle andre. FOTO: Siri Ravn

NASJONALROMANTISK: Med fjord og fjell i balgrunnen spaserte dei mange samningane oppover bakkane. FOTO: Siri Ravn

GOD STEMNING: Kvar klasse hadde sitt eige heiarop. Det var mykje lyd i toget. FOTO: Siri Ravn

RUSS I TOG: Ein del av Samnanger-russen var òg med. FOTO: Siri Ravn

SOMMAR I MAI: Det såg ut til å vera både sol i hjarta og sol i sinn undervegs. FOTO: Siri Ravn

VEL FRAMME: På skuleplassen stilte alle klassane seg opp for å framføra heiaropa sine. FOTO: Siri Ravn

PUBLIKUM: Mange hadde møtt opp for å vera med på feiringa, også dei som ikkje gjekk i tog. FOTO: Siri Ravn

DELTE UT PRIS: Elevar kåra det beste heiaropet. 4. og 6. klasse vann. – For eit fint heiarop! sa juryen. FOTO: Siri Ravn

FULLTREFFAR 2: Det var mange moghegheiter for å bruka opp energien. På skuleplassen var det både kappløp, ball i bøtta, fotball – og potetløp. FOTO: Siri Ravn

STRAKS I MÅL: Med eit utradisjonelt grep om poteta, sprang Olivia Røen Ulland (4) inn til ein solid siger mot resten av familien. Mor Anne Sofie Kulild Røen kjem hakk i hel. Bak spring pappa Espen Ulland og Lotta Røen Ulland (2). FOTO: Siri Ravn

