– Det har vist seg å vera vanskeleg å finna eit eigna bygg. Me har undersøkt fleire alternativ, og har eigentleg gått oss litt fast. No vurderer me å om det kan vera aktuelt å kjøpa den gamle barnehagen i Reistadliane 39. Her er arealet stort nok. Spørsmålet er kva kommunen skal ha for bygget, og om det er mogeleg å skilja det ut frå eigedomen det ligg på, seier ein av initiativtakarane, Arne Birger Langeland Haug (36).
Saman med Maren Kolstad Antonazzi (28), Thomas Tveiterås Aldal (31) og Maren Eikeland (29) planlegg han å starta Samnanger Gym. Målet er å etablera eit tilbod som er så attraktivt at samningane slepp å reisa ut av kommunen for trena styrke og kondisjon.
Vurderer sal
Det tidlegare barnehagebygget skulle etter planen gjerast om til omsorgsbustader. Alt innvendig er difor rive, men etter det Samningen forstår vart prosjektet så dyrt at rådmannen har stoppa arbeidet. No vurderer kommunen om bygget skal seljast, og er i ferd med å innhenta takst på eigedomen. I sist formannskapsmøte opplyste rådmannen at det er fleire tilhøve som må avklarast før ein kan konkludera.
Vil eiga
Samnanger Gym treng rundt 250 kvadratmeter for å få plass til treningsapparat, garderobar og andre fasilitetar, og meiner Reistadliane 39 kan vera eigna.
– Dessutan er det ein fordel at bygget er gjort klart for ombygging. Det vil gjera innreiingsarbeidet vårt lettare, seier Arne Birger Langeland Haug.
Dei fire gründerane ser for seg å bruka mellom 1 og 1,5 millionar kroner på oppussinga. I tillegg kjem kjøp av treningsapparat – og ikkje minst finansiering av sjølve eigedomshandelen.
– Kjøpet vil skje gjennom eit aksjeselskap. For å finansiera det krev banken at me stiller med 40% eigenkapital, så me må investera mykje pengar for å starta opp treningssenteret, opplyser Arne Birger Langeland Haug.
– Har de vurdert å leiga lokale i staden?
– Ja, men det vil kosta så mykje å innreia eit treningsstudio at me helst ønskjer å eiga. Skal me leiga nokon stad, må det vera fordi me får svært gunstige vilkår, understrekar han overfor Samningen.

REISTADLIANE 39: Kommunen vurderer å leggja den gamle barnehagen i Nordbygda ut for sal. Skjer dét, kan Samnanger Gym vera ein mogeleg kjøpar. FOTO: Hallvard Tysse
250 medlemmer?
– Kor mange medlemmer må de ha for å få drifta til å gå rundt?
– Så lenge me ikkje veit kva lokala vil kosta oss, er det svært vanskeleg å setja eit endeleg tal.
I søknaden om støtte frå kommunen sitt kraft- og heimfallsfond, viser Samnanger Gym til ein fem år gamal rapport frå Virke som konkluderte med at 30 prosent av innbyggjarane over 15 år hadde medlemsskap i eit treningssenter. I Samnanger tilsvarar det rundt 600 personar.
– I søknaden har me budsjettert med 250 medlemmer, som me meiner er eit oppnåeleg og realistisk mål. Men det skal nok gå an å driva også med eit lågare medlemstal, trur Arne Birger Langeland Haug.
Positivt for folkehelsa
Etter at det vesle, ubemanna treningsstudioet «Svettaren» på Gjerde la ned drifta ved sist årsskifte, har Samnanger vore utan treningstilbod. Det ønskjer personane bak Samnanger Gym å endra på. Dei meiner at eit nytt og moderne treningssenter kan verta eit attraktivt tilbod for folk i alle aldrar, som kan ha positiv innverknad på folkehelsa. I tillegg vil det kunna fungera som møteplass og sosial arena for både ungdom og eldre, går det fram av søknaden til kommunen.
Usemje om kommunal støtte
Samnanger Gym har søkt om 750.000 kroner i støtte frå kommunen sitt kraft- og heimfallsfond for å etablera treningssenter. Rådmannen vil gje 150.000,-.
– Det er altfor lite. Eit godt treningstilbod i Samnanger har vore etterlyst av mange. Me må visa at me vil hjelpa desse gründerane i gang og ønskjer at dei skal få det til. Eg meiner kommunen bør gje 500.000 kroner, sa Ragnfrid Aadland Olsnes (BL) då saka var oppe i formannskapet sist torsdag.
Heller ikkje Lise M. Sandvik eller Shirin Kvernes Khadoor (begge Ap) meinte at forslaget frå rådmannen gjenspegla kva eit slikt treningssenter vil bety for bygda. Camilla Stavnes Hisdal (MDG) følgde opp, og peika på at ei kommunal støtte på 150.000 kroner neppe vil vera nok til å realisera prosjektet.

VILLE STØTTA: I formannskapet snakka Ragnfrid Aadland Olsnes (BL) varmt for å støtta etableringa av eit treningssenter. Ho meinte at kommunen bør bidra med ein halv million kroner frå kraft- og heimfallsfondet. FOTO: Arkiv
Vil tappa fondet
I saksutgreiinga frå rådmannen går det fram at disponibel sum på kraft- og heimfallsfondet er kr. 1.075.000,-. Å gje 750.000 kroner i støtte, slik Samnanger Gym har søkt om, vil tappa fondet for midlar. Rådmannen peikar også på at prosjektet inneber ein viss risiko, særleg knytt til om det er mogeleg å nå målet på 250 medlemmer.
-Treng meir fakta
I formannskapsmøtet meinte Thomas Hellevang (INP) at søknaden var for lite faktabasert.
– Her er det veldig mange usikre moment. Skal me støtta eit slikt tiltak, kan me ikkje basera det på kva me tenkjer og trur. Veit me om prosjektet er liv laga? Eg saknar ei marknadsundersøking som viser om det er grunnlag for eit slikt tilbod i Samnanger. Me kan ikkje berre gje bort kommunale midlar utan å ha noko å byggja det på, sa han.
Også FrP-representantane var skeptiske:
– Eg er glad for å få eit treningssenter i Samnanger, men meiner driftsgrunnlaget er for svakt. Husk på at dei daglege driftsutgiftene skal dekkast. I tillegg skal renter og avdrag betalast. Korleis skal dei finansiera utgiftene når aksjekapitalen er brukt opp, spurde ordførar Karl Kollbotn.
Utsette saka
Shirin Kvernes Khadoor minna om at det er ei viktig oppgåve for kommunen å støtta opp om dei som ønskjer å satsa på næringsutvikling, og føreslo å utsetja saka til kommunestyremøtet 17. oktober. Dette vart vedteke. Formannskapet bad samstundes Samnanger Gym gjennomføra ei enkel marknadsundersøking for å få fram om det er behov for eit treningsstudio i Samnanger.
Over 260 ønskjer å verta medlemmer
Kort tid etter at formannskapet hadde kravd meir dokumentasjon frå Samnanger Gym, la initiativtakarane ut ei spørjeundersøking på Facebook.
I det publiserte innlegget informerer dei om at dei ønskjer å kartleggja interessa og behovet for eit treningssenter i Samnanger. På få dagar svara rundt 280 samningar på undersøkinga. Av desse oppgav 264 at dei ønskjer å verta medlemmer i Samnanger Gym.
– Oppslutninga viser at det er både interesse og behov for eit slikt tiltak. Dette er ei fin stadfesting på det me trudde på førehand, seier Thomas Tveiterås Aldal, ein av dei fire gründerane som står bak planane.
– Men at me skulle få så mange positive tilbakemeldingar på den korte tida, var likevel over all forventning, legg Arne Birger Langeland Haug til.
Dei to reknar med at Samnanger Gym kanskje ikkje har nådd ut til alle potensielle medlemmer enno, og opplyser at undersøkinga vil liggja ute til over helga. Resultatet skal presenterast for kommunestyret neste torsdag, når søknaden om støtte frå kraft- og heimfallsfondet vert behandla på nytt.