– Dette har hengt i lufta altfor lenge, seier leiar i ungdomsrådet, Carl Fossdal Tveit.
Det har vore fleire mislukka forsøk på å starta ungdomsklubb i Samnanger. Han har ikkje tal på kor mange gonger rådet har hatt møte om dette. Førre måndag blei han kontakta av ordføraren.
– Det er ikkje rettferdig at ungdom ikkje har ein plass å «henga». No treng me ikkje meir prat, men handling, seier ordførar Kollbotn.
Etter nokre få dagar med planlegging, håpar kommunen å opna ungdomsklubb i Nordborg. Det burde helst skjedd i går, om ordføraren kunne bestemma.
Av ungdom, for ungdom
Det gamle ungdomshuset er eigd av Nordbygda ungdomslag. I bygget står det i dag sofaar, bord og eit musikkanlegg. Kva som elles skal finnast her, er ikkje bestemt.
Planen er å ha ope hus på ettermiddag og kveld tysdagar, fredagar og søndagar. Kollbotn er oppteken av at det skal vera ein plass ungdommen styrer sjølv.
– Dette har ungdommen sjølv skapt, og det er dei som skal driva det. Kvaliteten på tilbodet blir ikkje den same om me er for mange vaksne her.
– Nei, og dersom alt skal arrangerast blir det ikkje same stemninga her, seier Tveit tydeleg.
Han legg til:
– Klubben skal vera av ungdom for ungdom.
– Treng ikkje kosta skjorta
Kollbotn overlet altså opplegget i Nordborg til ungdommane sjølve.
– Eg legg meg ikkje borti korleis dette skal fungera. Drivkrafta, det er ungdommen. Me skal berre bidra med finansiering, seier ordføraren.
Nøyaktig kvar pengane skal koma frå, er enno ikkje klart.
– Rådmannen og administrasjonen skal ordna finansieringa. Korleis dei gjer det, legg eg meg ikkje borti, seier Kollbotn.
Det einaste ungdommen har bede om her så langt, er utstyr til enkel matlaging og musikk.
– Dette kan eg ta frå min eigen konto. Det er berre småtteri, meiner ordføraren.
Han legg til:
– Det er kjempefint at Carl tenkjer sånn. Dette treng ikkje kosta skjorta. Det viktigaste er at det finst eit tilbod, synest ordføaren.
Ungdommane ønskjer seg òg utstyr til gaming, men dette meiner ordføraren må koma når tilbodet blir permanent.
Jobbar med større prosjekt
Parallelt jobbar Samnanger kommune med eit «inkluderande fritidstilbod» for ungdom. Til dette prosjektet har kommunen sett av åtte millionar kroner i økonomiplanen.
Desse midlane har ikkje noko med denne ungdomsklubben å gjera. Ordføraren fortel at ordninga i Nordborg er mellombels.
– Dette er ein pop-up. Det er berre for å koma i gang, seier Kollbotn.
Om ungdomsklubben skal bli i dette bygget på lang sikt, er uvisst. Både Kollbotn og Tveit reknar med at idéane vil koma undervegs.
– No skal det skje
Ungdomsrådet ønskjer ikkje å definera nokon alder på kven som kan delta på klubben.
– Me får sjå kven som kjem. Det finst ungdom som passar inn i eldre grupper og ungdom som passar inn i yngre grupper, meiner Tveit.
No lyser kommunen ut seks stillingar til ungdom mellom 15 og 25 år. Desse skal dela på å driva klubben kvar tredje veke, i par. Når stillingane er lyste ut, skal ungdomane intervjuast og tilsetjast. Så kan ungdomsklubben i Nordborg starta.
– Eg håpar først og fremst at det blir noko av dette, seier Carl Fossdal Tveit.
Planen er at tilbodet skal koma i gang så snart som mogleg.
– No skal det skje – og det skal skje raskt. Eg håpar me kan opna på fredag. Men det er vel kanskje litt optimistisk, seier ordførar Kollbotn.