Samnanger kommune har vedtatt å setja av 25 millionar kroner til hallen.
– For denne summen kan ein laga ein fotballhall, men heller ikkje noko meir, kommenterer Fossmark.
Idrettslaget ønskjer seg eit bygg som kan romma både fotball og handball, og gjerne ei rekkje andre idrettar i tillegg, som volleyball, basketball, turn, dans eller kampsport.
Dei ser for seg eit anlegg på i underkant av 5000 kvadratmeter, der det mellom anna vil vera ei kunstgrasbane berekna på 9-ar-fotball med speleflate på 40 x 60 meter, og ei fleiridrettsbane på 20 x 40 meter med PVC-dekke.

KLART FOR HALL: Den nye idrettshallen er planlagt der grusbana er i dag, og kan romma ei rekkje ulike idrettar, fortel leiar i Samnanger idrettslag, Morten Aadland Fossmark. FOTO: Marianne A. Reistad
Søkjer Mohn om støtte
– Me snakkar fort om ein kostnad på 60-70 millionar kroner ut frå det me har skissert så langt. Me kan vera meir nøkterne, men då får me kanskje ikkje det me ønskjer oss.
For å kunna byggja eit godt og framtidsretta anlegg, vil idrettslaget gå ut og søkja om støtte frå ulike eksterne aktørar.
– No jobbar me med å utforma ein søknad til Trond Mohn. Det vil truleg òg vera aktuelt å søkja om støtte frå ulike bankar, til dømes Sparebanken Vest, seier idrettslagsleiaren.
På årsmøtet i idrettslaget nyleg blei det vedteke å oppretta ei stifting, viss det er behov for det i samband med finansieringsprosessen. På denne måten blir det enklare å skilja hallen sin økonomi frå drifta av idrettslaget.
Som eit alternativ kunne dei ha oppretta eit veldedig aksjeselskap, men det har dei vald å ikkje gjera.
– Me har snakka med andre som har søkt om støtte hos Trond Mohn, og fått vita at han er meir positiv til stiftingar enn til AS. Det er også vanskelegare å få momskompensasjon for eit AS, kommenterer Morten Aadland Fossmark.
Tett tak før jul?
Idrettslaget har skissert opp sine ønske for den nye hallen, og er no i kontakt med Fronta Bygg på Stord for vidare utforming. Firmaet står mellom anna bak Frøya fotballhall i Bergen, og er i gang med ishall på Stord.
– Me håper å få eit estimat i løpet av denne veka, seier idrettslagsleiaren.
Han fortel at noko av det som vil påverka prisen på hallen, er kva tak han skal ha.
– Det var teke utgangspunkt i bua tak, men det viser seg at eit flatt tak kan bli rimelegare.

REGNKOMMUNEN: Å spela fotball i Hagabotnane kan vera ein våt og kald affære. Med ein hall vil forholda bli langt betre, både for utøvarar og publikum, meiner idrettslaget. FOTO: Arkiv
Kor tid byggjeprosessen kan starta, er uvisst sidan finansieringa per i dag ikkje er på plass.
– Byggjetida er rekna til cirka åtte månader, og me har eit sterkt ønske om å få begynt i år. Å få ferdigstilt prosjektet i løpet av 2025 er ikkje realistisk, men me håpar på tett tak før vinteren kjem.
Då kommunestyret i desember i fjor sa ja til idrettshall, løyvde dei samtidig 10 millionar kroner til å utbetra vegen i nedste del av Hagabakkane.
– Eg veit ikkje kor langt kommunen har kome i denne prosessen, men eg forventar at det blir jobba med dette parallelt med planlegginga av hallen, seier Morten Aadland Fossmark.