Om Samningen
Samningen er lokalavis for Samnanger kommune.
Avisa vart starta i 1976 av Svein O. Aadland, og er eigd av Samnanger Bladlag AS.
På samningen.no publiserer me lokalstoff dagleg, bortsett frå i feriar og høgtider.
Papiravisa og e-avisa har 48 utgåver i året, og kjem ut torsdagar.
Samningen vert laga av ein stab på ca 2,5 årsverk. Me har kontor i Reistadliane 22.
Papiravisa vert trykt hos Hordaland på Voss. Schibsted Distribusjon Vest og Posten står for omdelinga.