NY FYLKESTUR: I mai står m.a. Samnanger og Vaksdal på kongeparet si besøksliste.
NY FYLKESTUR: I mai står m.a. Samnanger og Vaksdal på kongeparet si besøksliste. FOTO: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff

Samnanger får besøk av kongen og dronninga

I mai legg Kong Harald og Dronning Sonja ut på ny fylkestur. Denne gongen til Vestland.

På besøkslista står fire kommunar som ikkje har hatt offisielt besøk av majestetane tidlegare, skriv kongehuset på sine nettsider.

Fylkesturen startar i Etne kommune tysdag 26. mai. Onsdag går reisa vidare til Samnanger og Vaksdal, før turen vert avslutta torsdag med besøk i Askvoll kommune.

Kongeskipet Norge vil bli nytta under fylkesturen, går det fram av meldinga kongehuset har lagt ut.

Kongeparet reiser med Kongeskipet Norge under den planlagde fylkesturen til Vestland. FOTO: Liv Anette Luane, Det kongelige hoff

Vert rørt

– At me skal få kongen og dronninga på besøk er eit eventyr, og noko me har venta på lenge. Det kjem til å verta ei oppleving som ingen gløymer. Eg vert rørt av dette, seier ordførar Karl Kollbotn i ein kommentar.

Han vart kontakta av Statsforvaltaren i desember. Liv Signe Navarsete orienterte då om at Samnanger og Vaksdal stod på lista over kommunar som ville få besøk. Først no er informasjonen offentleg.

– Eg har i dag sendt ut orientering til kommunestyret om det som skal skje, seier Kollbotn torsdag.

– Politisk og administrativ leiing har hatt eit førebuande møte. Me skal levera ei overordna programskisse til Statsforvaltaren innan 30. januar, men detaljane vil først koma på plass seinare, seier han.

GLAD OG RØRT: – Dette vert ei historisk hending for Samnanger, seier ordførar Karl Kollbotn. FOTO: Arkiv

Folkefest

Etter planen skal kongeparet koma til Samnanger onsdag 27. mai kl. 11.00. Turen går vidare kl. 12.30.

– Med så kort tid til disposisjon må det verta eit komprimert program, konstaterer ordføraren, som gjerne tek imot innspel til kva besøket bør innehalda.

Han ser for seg at det meste skjer utandørs, og at samningane lagar ein skikkeleg folkefest for kongeparet.

– Eg ønskjer at så mange som mogeleg skal få delta, og at kongen og dronninga får oppleva Samnanger frå si beste side. Me får berre håpa at vêret vert bra, kommenterer Kollbotn og legg til:

– Dette vert historisk.