NYTT TILBOD? Trial og enduro er motorsport som føregår på stiar i terrenget. Ein grunneigar på Tveit ønskjer å stilla areal til disposisjon for Samnanger motorsportklubb.
NYTT TILBOD? Trial og enduro er motorsport som føregår på stiar i terrenget. Ein grunneigar på Tveit ønskjer å stilla areal til disposisjon for Samnanger motorsportklubb. FOTO: Illustrasjon Scanstockphoto

Kan få bane for trial og enduro på Tveit

Kommunen er klar til å betala 70.000 kroner i året for å leiga eit område som kan brukast til trial og enduro.

– Det som ligg på bordet no er å inngå avtale der kommunen leiger eit område på Tveit til bruk for Samnanger motorsportklubb, opplyser kulturleiar Meline Heimdal Haugland.

I kommunestyret sitt budsjettmøte i desember blei det vedteke at ei slik leige kan starta alt i 2026.

Vurderte Gaupholmsmarka
Bakgrunnen for saka er at kommunestyret tidlegare vedtok å undersøkja moglegheitene for å etablera ei bane for trial og enduro i Samnanger. I fjor blei eit område ved skytebana i Gaupholmsmarka vurdert som uaktuelt. Då kontakta ein grunneigar kommunen. Han har ein eigedom på Tveit som kan vera meir tenleg.

– Eg har lyst å bidra til andre sportar enn berre dei tradisjonelle, fortel grunneigaren, som ikkje ønskjer å ha namnet sitt i avisa på noverande tidspunkt.

Små inngrep i naturen
Trial og enduro er idrettar som føregår på motorsyklar, på stiar i naturen.

– Ein køyrer motorsykkel i terrenget. Det blir ikkje gjort inngrep i form av graving, og stokkar blir brukte som hinder i seg sjølv, akkurat som dei er, fortel grunneigaren.

Han opplyser at mange samanliknar trial og enduro med motocross, som føregår på
bygde baner. I tillegg til mindre naturinngrep, understrekar han at trial og enduro også støyar mindre. Grunneigaren fortel at han er blitt kontakta av fleire andre som opplyser at dei òg har område dei kan implementera i prosjektet.

Til ungdommen
Slik det er no, må dei som driv med trial og enduro i Samnanger reisa langt for å trena, gjerne til Meland, Kokstad eller ei trialbane på Eikås i Åsane.

– Det vert mykje reising. Eit lokalt tilbod hadde vore kjempebra, synest grunneigaren.

Han tenkjer på born og unge som ikkje finn seg til rette i dei aktivitetstilboda som finst i kommunen i dag.

– Det er sikkert mange som kunne tenkt seg ei slik bane. Det hadde vore kjekt å gje denne moglegheita til dei yngre, synest han.

– Ikkje endeleg avgjort
No jobbar grunneigaren og Samnanger motorsportklubb med å skriva ein avtale. Så må han sjølv søkja kommunen om dispensasjon etter plan- og bygningslova. Ein slik dispensasjon varer vanlegvis i tre år.

Meline Heimdal Haugland opplyser at dette er ein pågåande prosess.

– Det er ikkje endeleg avgjort at det blir enduro og trial på Tveit. Vedtaket er eit steg vidare i den retninga, og opnar for at eigaren av arealet kan søkja om dispensasjon, fortel Haugland.

– Det er tidleg i prosessen, men det ser lovande ut, synest grunneigaren sjølv.