Fotball:

– Ein ganske redusert gjeng

Etter berre 35 minutts spel leia Rosendal 4-0 mot Samnanger.

Søndag spelte Samnanger sitt herrelag mot Rosendal, på Rosendal stadion. Andreomgang var jamnare, men så heada motstandarane ein ball i mål, ti minutt før kampslutt.

– Kampen gjekk litt som venta, eigentleg, seier trenar Dan Martinsen.

Han enda 5-0.

Lang reiseveg

Rosendal er eitt av topplaga i serien. Martinsen meiner det store tapet mellom anna kan forklarast med skadar, jobb, eksamen, konfirmasjon, og alder på spelarane.

– Me reiste ned med fem 14-15-åringar. To av spelarane hadde ikkje spelt fotball på mange år. Det var ein ganske redusert gjeng.,

Når det er langt å reisa til kamp, opplever trenaren at det er mange spelarar som ikkje har moglegheit til å bli med.

To unge samningar debuterte i A-klassen i denne kampen: Matas Zdancius og Magnus Erichsen-Hovland.

– Begge klarte seg svært bra, skriv Samnanger A på Facebook-sida til laget.

ER MED: Matas Zdancius (f.v.), Nicolai Bogevik Reistad og Magnus Erichsen-Hovland går i 9. klasse. Matas og Magnus deburterte i kampen mot Rosendal søndag. FOTO: Siri Ravn/Arkiv

Nye moglegheiter

Men snart kjem nye moglegheiter for løwene. Alt i kveld (tysdag) speler Samnanger sin neste kamp. Då møter dei Vaksdal/Dale/Stanghelle i Hagabotnane. Denne kampen vil bli direktesendt på TV, med sendingar både før og etter kampen.

Neste ordinære seriekamp er på søndag, mot Bergen Nord 2.

– No må Samnanger visa seg frå si beste side

Jamn første heimekamp