KJEM TIL SAMNANGER: rå venstre: Knut Høibraaten, Nora Nøss. Fredrik Haugen, Mads Bøyum, Vegard Moberg, Anders Pamer.
KJEM TIL SAMNANGER: rå venstre: Knut Høibraaten, Nora Nøss. Fredrik Haugen, Mads Bøyum, Vegard Moberg, Anders Pamer. FOTO: Åsmund Laksen Gullachsen

– No må Samnanger visa seg frå si beste side

Det seier Knut Høibraaten. I kveld (tysdag) sender Bergens Tidende live frå kampen mellom Samnanger og Vaksdal/Dale/Stanghelle, i Hagabotnane.

Ballspark-cupen er ei årleg fotballturnering for seniorlag. I kvar runde sender BT éin av kampane live.

– Desse dekkjer me på samme måte som me dekkjer Brann-kampar. Det blir fire kommentatorer, fleire kamera, sending før og etter kamp. Og me lagar spelarbørs. Fullt kjør, seier Høibraaten entusiastisk.

Han er ein av kommentatorane frå Ballspark som kjem til Hagabotnane tysdag kveld, saman med Anders Pamer og Mads Bøyum. Arna-Bjørnar-kaptein Nora Nøss, og journalist Hanna Husebø er òg med på kommentatorlaget.

– Me kjem så det syng etter, med heile ballsparket og alle tungvektarane, fortel Høibraaten.

TILBAKE: Tysdag skal Petter Teige Nes vera kaptein, etter to veker til sjøs. FOTO: Siri Ravn/Arkiv

– Stiller sterkare

I Samnanger sin førre kamp gjekk dei på ein solid smell mot Rosendal.

– No stiller me litt sterkare. Petter er tilbake fra sjøen etter to veker. Han kom heim eit par dagar for tidleg for å rekka denne kampen, forel trenar Dan Martinsen.

Petter Teige Nes skal bera kapteinbandet på armen den komande kampen. Motstandarane er godt kjende. Teige Nes og fleire av dei andre spelarane har spelt på Vaksdal før. Martinsen har møtt dei fleire gonger som trenar for andre lag.

– Me stiller litt sterkare i kveld, seier Martinsen.

SPENT: Dan Martinsen ser fram til kamp på heimebane, denne gong mot eit lag han kjenner godt. FOTO: Siri Ravn/Arkiv

Kan bli straffebonanza

Ein regel i Ballspark-cupen er at når det er divisjonsforskjell mellom laga, får det lågast rangerte laget eitt straffespark for kvar divisjon det ligg under – før avspark. Samnanger speler i 7. divisjon og Vaksdal/Dale/Stanghelle i 6. divisjon. Dette vil seia at Samnanger får starta kalaset med eit straffespark før dommaren blæs kampen i gang.

– Vaksdal er eit rutinert lag. Me startar med straffe, så eg har eit stort håp om at me skal leia 1-0 på start. Aleksander Strøm er kald. Eg har ennå ikkje opplevd at han har bomma, seier Martinsen.

Ballspark-cupen heitte tidlegare KM-cupen, og er den gamle krinsmeisterskapen. Dette er tredje året cupen har det nye namnet, som han har fordi BT er sponsor. Vinnarlaget i både herre- og kvinneklassen får 25.000 kroner.

Kampane er kortare enn vanleg: 2×35 minutt. Og dei kan ikkje enda uavgjort. Viss stillinga står likt når omgangane er over, blir det straffesparkkonkurranse.

Vinnaren på herresida får i tillegg spela NM-kvalik.

– I teorien kan dei som vinn gå heilt til cupfinalen på Ullevål, seier Høibraaten.

På heimebane

Kommentator Høibraaten bur i Samnanger.

– For meg er dette heimebane. Det er veldig kjekt. Eg veit at Samnanger har nokre sentrale spelarar som ikkje kan spela denne kampen. Men me har jo ein heimefordel.

Han legg til at Vaksdal lånte Hagabotnane som si heimebane då bana deira blei stengt på grunn av ras, så litt heimebane er det for dei òg.

FOLKSAMT: Mange møtte opp for å sjå A-laget sin første heimekamp i byrjinga av mai. I kveld blir det endå meir folk på tribunane. FOTO: Siri Ravn/Arkiv

Håpar på folkefest

I kvar runde sender BT éin av kampane direkte.

– Me har hatt sinnsjukt oppmøte på Vossestrand, Tysnes og Dale, fortel Høibraaten.

No håpar han samningane stiller opp. Ifølgje Høibraaten har medkommentator Mads Bøyum aldri vore i Samnnanger før.

Dette viser seg å berre vera 70 prosent sant, ifølgje Bøyum sjølv.

– Det vanlege for meg er å køyra gjennom Samnanger, seier han.

Men denne gongen skal han stoppa, saman med eit heilt team av TV-folk. Bøyum har trua på tysdagskvelden.

– Dei største folkefestane og dei beste sendingene blir når me kjem oss litt ut av bykjernen.

Sprang seg inn på topp 10

Jamn første heimekamp

Desse laga er påmelde

Kvinner (11 lag):

  • Austevoll 5.div
  • Dale/Stanghelle/Vaksdal 5.div
  • Kvernbit 5.div
  • Lyngbø 3.div
  • Lyngbø 2 4.div
  • Minde 5.div
  • Osterøy 4.div
  • Sandviken/Varegg 5.div
  • Sotra 3.div
  • Tertnes 5.div
  • Øygarden/Sotra 2 5.div

Menn (47 lag):

  • Arna-Bjørnar 2 5.div
  • Arna-Bjørnar 3 7.div
  • Austrheim 6.div
  • Baune 3 7.div
  • Bergen Nord 2 7.div
  • Bergensdalen 2 6.div
  • BI Athletics Bergen 4.div
  • Eidsvåg 6.div
  • Eikelandsfjorden 6.div
  • Eldar 7.div
  • Flaktveit 4.div
  • Fri 6.div
  • Fyllingen 7.div
  • Gneist 2 6.div
  • Hovding 7.div
  • Kalandseid 7.div
  • Kjøkkelvik 6.div
  • Kråmyrane 5.div
  • Kvernbit 4.div
  • Kvernbit 2 6.div
  • Kvernbit 3 7.div
  • Laksevåg 5.div
  • Lindås 7.div
  • Mann 5.div
  • Masfjord/Gulen 6.div
  • Minde 5.div
  • Neptun 6.div
  • NHHI 4 7.div
  • Njardar/Tysnes 6.div
  • Nordre Holsnøy 7.div
  • Nygård 7.div
  • Olsvik 5.div
  • Radøy 5.div
  • Samnanger 7.div
  • Skansemyren 7.div
  • Smørås 4.div
  • Smørås 2 5.div
  • Sædalen 2 6.div
  • Søreide 6.div
  • Tertnes 2 6.div
  • Vadmyra 6.div
  • Vaksdal/Dale/Stanghelle 6.div
  • Vestsiden-Askøy 5.div
  • Viggo 5.div
  • Viggo 2 7.div
  • Voss 2 7.div
  • Åsane 3 6.div