HEILT TOPP: Samnanger turlag tipsar om  turar som passar godt for barnefamiliar. Frå Totlandsfjellet kan du nyta denne utsikta i påska.
HEILT TOPP: Samnanger turlag tipsar om turar som passar godt for barnefamiliar. Frå Totlandsfjellet kan du nyta denne utsikta i påska. FOTO: Ann Mari Bakke

Vil du ut på tur i påska? 

Her kjem nokre turtips frå Samnanger turlag. – Moglegheitane er uendelege! fortel Ann Mari Bakke. 

Ann Mari har ansvar for å koordinera stiarbeidet i Samnanger turlag. Nokre av medlemmane i laget har no lagt hovuda i bløyt for å trekka fram nokre påsketurar til Samningen sine lesarar. 

– Me har valt å visa fram små og litt korte nærturar. Det er stort sett familieturar, sidan det er påske, seier ho. 

Skiturar no = for spesielt interesserte 

Det har vore ein vinter med lite snø. Men det tyder ikkje at det ikkje går an å nyta påska i fjellet, gjerne med kvikklunsj og appelsiner. 

– Du treng ikkje ski på turane på lista vår. Viss du skal på skitur må du gjerne bera skiene 7-800 meter opp før du kan ta dei på deg no. Då er du spesielt interessert. 

Ta omsyn til andre 

Stisjefen har nokre påminningar til folk som skal ut på tur framover. Ho minner om at bålforbodet begynner 14. april. 

– Hugs bandtvang. Og at parkeinga ikkje skal vera til sjenanse for andre, minner Ann Mari Bakke oss på. 

Sjølv om lista til Samnanger turlag blei på heile ni turar, anbefalar ho folk om å ta ein kikk på ut.no for fleire idéar til turar, også dei som er litt lengre. 

Fargerik påske

Forslag til nærturar du kan rusla i påska:  

TurboTuren. Dette er ein postkasse som blir plassert på ein ny stad kvar måned, kor barn mellom 0 og 12 år kan skriva seg inn og vinna fine premier. I april står kassa ved Tovegstjødna, kor rumpetrolla snart klekker. Denne blir arrangert av Barnas turlag, ved Anette og Trine.

TURBO: No heng kassa ved Tovegstjødna. Her kan borna vinna premiar. FOTO: Samnanger turlag

I påsken arrangerer Barnas turlag påskeeggjakt. Laget legg ut eitt påskeegg (med litt snop i!) på fem ulike stadar, der ein kan finna og vinna. I tillegg blir det lagt ut eit ord på kvar stad, som dei som vil kan senda inn i etterkant og vera med i trekking om premiar. Eitt lodd per ord. Stadane blir publiserte på Facebook-sida til turlaget i påsken.  

Skutevika. Turen går frå frå Ådland kyrkje, langs Prestevegen og utover retning Hellenaustet, ta av mot høgre ved skilt til Skutevika. Me kan anbefale å ta frokosten på svaberget der ute. Turen kan også kombinerast med dagsturhytta og ein rundtur om Flesjane. Det er ein ny sti frå Prestevegen og ned til Flesjane. Denne er merkt med blått. Turen tek gjerne to-tre timar med barn, noko lengre med Flesjane. I både Skutevika og Flesjane er det flotte flotte sandstrender og benkar. Hugs bålforbod. Turen til Skutevika ligg på ut.no her, og til Flesjane her.

STRANDPÅSKE: I Skutevika kan du nyta påska i ekte Syden-stemning, om vêret speler på lag.
FOTO: Evy Urås

Botnahytta. Denne hytta blei brukt som skjulestad for motstandsfolk under 2. verdskrig. Ho har i dag status som krigsminnemerke. Parkering ved skulehuset i Rolvsvåg. Det er rundt 7 km tur-retur. Hytta ligg på eit idyllisk nes. Du finn turen på ut.no her

KULTURMINNE: Botnahytta blei brukt som gøymestad under andre verdskrig.
FOTO: Vibeke Raae

Fagerbotnen og klebersteinsuttaket. Fleire av statuene på Nidarosdomen er skorne ut frå kleberstein frå Fagerbotnen. Du køyrer til Trengereidfjorden og tar av i retning Nordbø. Parker ved fylkesvegen. Gå innover langs Norbøvegen, ta til venstre etter rundt 400 metter, der vegen går oppover. Etter nye 400 meter går vegen over i ein skogsveg. Husks å lukka grinda. Følg skogsvegen oppover. Etter 1,2 km kjem ein til eit kryss mellom to skogsvegar (det er også ei uteløe her). Ta skarp til venstre, og etter rundt 700 meter er ein oppe ved enden av skogsvegen. Rolvsvåg turlag har her ein postkasse ein kan skriva seg inn i.  

Rundtur rundt Måsatjørna. Du parkerer ved sørsida av Langavatnet på Gullbotn. Turen går sørover ved ved hyttene på vestsida av vegen. Det går ein sti rundt vatnet. Dette er en flott kveldstur for små føtter i fint terreng og med nydelig utsikt. Herifrå er det mogleg å gå ein legre tur opp  Gullbotn og langrennsløypene. Du finn turen på ut.no her 

Tohaugen er også verd eit besøk, med alt den flotte dugnadsinnsatsen som er lagt ned der oppe. Heile stisystemet er nytt der no. Der står det infoskilt på Myra, ved vassverket. Du kan parkera her, eller køyra opp til Totræna og gå derifrå. Har eit utal stiar.   

VEGEN OPP: Her ser du kor stien går opp til jettegrytene og Totlandsfjellet, frå Frølands-sida av fjellet

Totlandsfjellet, med ein kikk innom jettegrytene. Her finst det fleire ulike ruter. Mange har vore vande med å gå Totlandsfjellet frå Høysetersida og Svenndalen. I fjor vart det merka raud sti frå vestsida også. Ein kan parkera ved Frøland kraftverk. Gå langs vegen til sti merka Stølane (ikkje merka rødt), eller ein fortsetter bilturen opp retning Langeland, stopper ved skogsveg på høgre side, der ein også kan gå opp til Stølane, står skilt. Ein følger den gamle stølsvegen og det er merka raudt retning Totlandsfjellet. Skal ein til Jettegrytene tar ein av i skogsfeltet der det er eit skilt med Jettegrytene. Jettegrytene er såleis ein avstikkar er ikkje merka raudt , men klipt og tydleg sti ned. 

STORE GRYTER: På veg opp mot Totlandsfjellet kan du ta ein avstikkar til denne jettegryta. FOTO: Ann Mari Bakke

Per Arne Aadland med fleire har merkt ein sti frå Storekleiva (gjenbruksstasjonen BIR) til Heiasetret. Ein følger traktorvegen der ein startar mot Raudvatnet. I staden for å gå over på sti retning Raudvatnet følger ein traktorvegen forbi Ospesetet og vidare. Ein går etterkvart forbi mange ulike støler (Olasetret, Uddgjerdsetret og Reistadsetret/Sinesetret. før ein kjem bort til Heiasetra. Stien er merkt med raudt frå der traktorvegen sluttar. Du kan utvida til en rundtur om Raudvatnet eller Krokvatnet. Så ned att til gjenbruksstasjonen. Dette er ein meir vaksen tur, 9 km om ein tek kortaste veg om Raudvatnet. Tek ein ein lengre tur om Krokvatnet blir turen på rundt 12 km. 

PÅSKEKOS: Slik kan du nyta ein dag i fjordkanten. Bilete frå Rolvsvåg. Foto: Samnanger turlag. FOTO: Samnanger turlag

Selde over eitt tonn med påskeappelsiner

– Eg møter stadig turgåarar på villspor