BEGYNNER SNART: Jakta på poeng er snart i gong. Samningen lanserer sin eigen fantasy-liga for fotballinteresserte i Samnanger. Påmelding skjer på nettsida til Premier League, eller i appen deira.
BEGYNNER SNART: Jakta på poeng er snart i gong. Samningen lanserer sin eigen fantasy-liga for fotballinteresserte i Samnanger. Påmelding skjer på nettsida til Premier League, eller i appen deira. FOTO: Martin Myrvold

Blir du den beste fantasy-manageren i Samnanger?

Kven har det skarpaste fotballhovudet i Samnanger? Denne sesongen kan samningar måla krefter mot kvarandre i Samningen sin eigen Fantasy Premier League-liga.

Den engelske toppdivisjonen sparkar i gong fredag 21. august. Samstundes startar òg Fantasy Premier League, eit gratis spel der deltakarane set saman sitt eige lag med spelarar frå Premier League og får poeng ut frå korleis spelarane presterer på bana.

No får også samningane mogleik til å måla krefter mot kvarandre.

Samningen opprettar nemleg sin eigen fantasy-liga. Målet er enkelt: å finna den beste fantasy-manageren i kommunen. Anten du har spelt i årevis eller vil prøva deg for første gong, er du velkomen til å delta.

Kva er Fantasy Premier League?

Kort fortalt fungerer du som manager for ditt eige fotballag. Du får eit budsjett som skal brukast til å velja spelarar frå dei ulike Premier League-klubbane. Deretter får du poeng basert på det som skjer ute på bana.

Skårar Erling Braut Haaland mål, kan du jubla litt ekstra dersom han er på laget ditt. Held målvakta di nullen, gir det poeng. Har du i tillegg sett kapteinsbindet på rett mann, kan poengfangsten verta endå større.

Gjennom sesongen kan du gjera spelarbytte og justera laget frå runde til runde. Spelet er gratis og har dei siste åra vorte ein av dei mest populære måtane å følgja Premier League på.

REGISTRERING: Det er enkelt å registrera laget sitt i Samningen-ligaen. Det gjer du anten via nettsida til Premier League, eller appen deira. Skjermbilete.

Lokale rivalar

Kanskje sit den beste fantasy-manageren på Tysse. Kanskje bur ho på Steinsland eller i Nordbygda. No får samningane sjansen til å konkurrera mot naboar, kollegaer, familie og vener gjennom heile sesongen.

Samningen vil følgja utviklinga i ligaen og trekkja fram deltakarar som gjer det godt. Kven får den beste starten? Kven klatrar frå botnen og opp på toppen? Og kven vågar å satsa på spelarane ingen andre har tru på?

Det håpar me å få svar på utover hausten, vinteren og våren.

Eitt spørsmål står att:

Kven kan kalla seg den beste fantasy-manageren i Samnanger når sesongen er over?

Slik blir du med

  1. Opprett eit lag på Fantasy Premier League via nettsida eller app
  2. Meld deg inn i Samningen-ligaen med ligakoden: vg6e6p

Deltakinga er gratis

Frist for å vera med frå start er før første serierunde fredag 21. august