Å byggja brannstasjon på Tjoraklumpen ved Nesodden utan å laga reguleringsplan, er eit alternativ kommunen har gått bort frå.
– Me har fått klare råd om å gå vegen om regulering, framfor å søkja dispensasjon. På den måten vil alle som har synspunkt eller merknader få høve til å medverka. Prosessen vil ta tid, men vert meir demokratisk, og sjølve byggjesaka vert lettare å behandla, seier Tone Tysseland Holmefjord.

UNDER TO ÅR: Prosjektleiar i Samnanger kommune, Tone Tysseland Holmefjord, håpar brannstasjonen kan vera innflyttingsklar før kalenderen viser 2027. FOTO: Arkiv
Oppstart i år?
– Kor mykje tid vil gå med til reguleringsarbeidet?
– Vanlegvis går det rundt eit år. Men her er det snakk om eit lite areal på 2,5 dekar, og mykje arbeid er gjort allereie, så eg håpar me kan få planen godkjent av politikarane på ettersommaren. Deretter kjem sjølve anbodsprosessen, som fort tar to – tre månader. Så er det entreprenøren si prosjektering og utarbeiding av byggjesøknad. Går alt på skinner, kan me starta byggjearbeidet på denne sida av årsskiftet, trur Holmefjord.
50 millionar
For å kunna byggja på tomta kommunestyret har peika ut, må det etablerast ein ni meter høg mur mot fylkesveg 49 og fyllast på med ekstra massar. Grunnarbeidet og bygginga av sjølve brannstasjonen er venta å ta rundt eit år.
– Eg håpar me har eit nytt bygg klart til bruk før me ser 2027, seier Tone Tysseland Holmefjord.
Kommunestyret har sett av 50 millionar kroner til prosjektet (inkl. mva).
– Kva skjer dersom prisen vert høgare?
– Eg trur ikkje at entreprisekostnaden vil koma over denne summen. Men det kan koma kostnader i høyringane til reguleringsplanen som me ikkje ha tatt høgde for. Dersom den totale prosjektkostnaden vert høgare enn budsjettert, må me tilbake til politikarane og be om meir pengar. Alternativet er å avlysa anbodskonkurransen – med dei konsekvensane det kan få, seier prosjektleiaren.
Ho understrekar at det er viktig for kommunen å byggja brannstasjonen med dei fasilitetane som trengst for at han skal oppfylla alle krav i lover og forskrifter.