Nye stolpar med historiske fakta er no på plass. 51 stolpar er plasserte rundt skulane og stort sett langs vegstrekninga Haga-Tveit-Frøland og ved Bygdavegen.
I år prøver me også to litt «tøffare» sløyfer: Myra-Solsmøghaugen-Tohaugen-Margretebakkane-Myra, og Tysse-Smådalen.
Stolpejakta tek sikte på å leggja til rette for å aktivisera både unge og gamle; inaktive, skuleelevar, syklistar, funksjonshemma og rullestolbrukarar – eller dei som rett og slett ønskjer å gjera seg betre kjent i kommunen. Stolpejakta er eit gratis tilbod for brukarane.
Kart og info vil vera tilgjengeleg fleire stader, mellom anna i appen Stolpejakt og på heimesida til Stolpejakten. Stort sett kvar stolpe i Samnanger er sett ut på stader som har ei historie. Historia om staden får du opp når du er på posten, og den som tek seg tid til å lesa har truleg litt av kvart å læra lokalhistorisk.
God tur og god stolpejakt!
Samnanger IL og Samnanger historielag