Ein leikande komponist

Heilt sidan han var gutunge har Eilert Tøsse vore fasinert av tonar og lydar, og har opp gjennom åra komponert fleire hundre verk. Han har mellom anna laga tonar til 250 salmar og fleire komposisjonar til både orkester, kor og andre instrument.

KREATIV: Eilert Tøsse likar å leika med musikk, og boblar over av kreativitet. I ein alder av 70 er han stadig aktiv, og har ikkje tenkt å gje seg med det første. FOTO: Bente Dyrøy Bødker

– Korleis byrja det?
– Det var nok på kjøkenet hos mor mi det heile starta. Ho song mykje, og har gjeve meg ei songglede, som har fått lov å vara heile livet. Eg gjekk også i musikalsk barnehage ein gong i veka. Då eg var omkring fire år gamal, laga eg annenstemme til songen «Sov, du vesle spire ung», så det var nok første song eg arrangerte. Søstera mi hadde Downs syndrom, og ho var eit fantastisk leikande menneske, som har lært meg å vera kreativ og leikande i det eg gjer. Det har eg tatt med meg i mange situasjonar gjennom livet.

– Du har fått mogelegheit til å leva av musikk?
– Ja, eg utdanna meg til organist ved Bergen Musikkkonservatorium, og tok vidare høgare organisteksamen, slik at eg vart kantor. Utover det har eg teke ulike kurs i komponering. I 1983 vart eg tilsett i 50% stilling som kantor her inne i Samnanger, og jobba som det fram til 2019. Eg har komponert ved sida av heile tida, men er no komponist på heiltid.

– Korleis er ein vanleg arbeidsdag?
– Å skapa musikk er ein måte å leva på. Eg plar byrja dagen med bladspel, der eg puggar notar. Det er fin hjernetrim. Elles går eg turar på Kampen eller i skogen nesten kvar dag. Naturen er ei stor inspirasjonskjelde. Heile atmosfæren med å vera aleine med naturen og føla på storleiken i skaparverket er gjevande. Av og til sit eg til langt på natt eller skriv ned på gule lappar når eg kjem på idear. Dagen etter kan eg undra meg over korleis eg fann på dei ulike tinga. Med åra har eg modnast som komponist og vorte flinkare å stoppa og ta pausar undervegs. Det er viktig å halda stoffet litt i tøylene, slik at det ikkje «løper løpsk».

– Korleis jobbar du når du skal komponera?
– Kreativitet er ferskvare, og ein må halda på kontinuerleg for at det skal verta bra. Når eg lagar melodi til for eksempel salmar, plar eg lesa teksten og «rytmisera» den, og så kjem det ein melodi etterkvart. Melodien skal følast naturleg og vera vegvisar for seg sjølv, og skal samstundes tolka og spegla innhaldet i teksten. Eg har elles nesten berre vestlendingar som tekstforfattarar, så det gjer det jo også litt meir spesielt synest eg. Eg jobbar òg med meir abstrakt og elektronisk musikk, der eg brukar innslag frå ting eg høyrer i naturen og andre stadar til å laga musikk.

– Teknologien gjer det lettare?
– Vegen frå idé til ferdig verk er blitt kortare, sidan me no kan bruka PC og kan høyra korleis det blir undervegs. Ein kan laga musikk kvar som helst. Viss eg har hovudtelefonar og PC med, kan eg sitja på toget og komponera der, eller på hytta i Alvdal. Eg brukar eit noteskriftprogram som heiter Finale, og der kan ein ha større partitur inni, som for eksempel til eit symfoniorkester. Eg synest det er viktig at alle skal ha noko å gjera og føla seg tatt på alvor som dei musikarane dei er, så det er ingen som sit og har lange teljepausar i dei verka eg komponerer.

– Kva likar du best ved å vera komponist?
– Skapargleda. Eg har vore i boblande kreativitet heilt sidan barndommen, og føler eg har fått eit talent frå Skaparen som eg forpliktar å gje vidare til andre. Det å kunne gleda andre med musikk er gjevande.

– Er dette yrket noko du vil anbefala andre å bli?
– Det er ikkje aldersgrenser i komposisjon. Viss nokon føler trong til å skapa musikk, så gjer det! Ein skal ikkje tenka smått om eige talent. Frykta for å feila har hindra mange talentar. Eg vil anbefala alle å bruka skaparevna si og hiva vekk jantelova. Viss ein sjølv synest det er bra, så er det bra.

– Korleis er løna som komponist?
– Dei fleste komponistar har fleire jobbar utanom for å få det til å gå rundt, slik som eg som har vore kantor ved sida av. Det er eit skapande yrke, akkurat som kokk, gartnar og liknande, og er like viktig som andre jobbar. Når mine verk vert framførte, får eg avrekning for det via Tono. Eg søkjer også arbeidsstipend i samband med ulike prosjekt.

– Kva held du på med no då?
– Eg har massevis å gjera, og det vert berre meir og meir. Eg har for eksempel nytta opptak av fuglelydar og tona dei ned gjennom eit filter, slik at dei læt som dinosaurlydar. Dette verket kalla eg Brass Birds, og det vart urframført av NyNorsk Messingkvintett på Litteraturhuset i Oslo sist helg. Elles held eg på med eit prosjekt der eg lagar musikk til Svein Ellingsen si barnebok «Regler, rim og revestreker». Eg har fått løyve frå sonen hans til å gjera dette, og positiv respons elles. Planen er no at operasongaren Gunnar Andor Nieland skal reisa rundt i Noreg og synga desse songane via Den kulturelle skulesekken. Det er allereie fleire fylke som er interesserte i dette. Neste prosjekt er for Bergen domkor i forbindelse med Bergen kirkeautunnale, der temaet er tid.

– Det skal også vera ein stor jubileumskonsert i Johanneskyrkja no på laurdag?
– Ja, eg vart 70 år i februar, og Bjørgvin kirkesangforbund har arrangert ein konsert der sju kyrkjekor syng salmar og andre vokalverk eg har laga opp gjennom åra. I tillegg vert det urframføring av eit nytt stykke for Johanneskyrkja sitt klokkespel. Eg gler meg til å oppleva det, og håpar mange både i Samnanger og rundt om vil dela denne kvelden saman med meg. Det aller viktigaste for meg er at konserten skal vera til Guds ære.

Mitt yrke

I dag: Eilert Tøsse
Alder: 70
Tittel: Komponist
Bur: På Tysse