TA KONTAKT: F.v. Anja Elisabeth Gjerde Markhus, Laila Grønn-Jensen og PPT-leiar Kari Kallevik Hjartnes, som alle jobbar i eining for livsmeistring, vil gjerne ha innspel frå samningane i arbeidet med den førebyggjande planen for born, unge og familiar.
TA KONTAKT: F.v. Anja Elisabeth Gjerde Markhus, Laila Grønn-Jensen og PPT-leiar Kari Kallevik Hjartnes, som alle jobbar i eining for livsmeistring, vil gjerne ha innspel frå samningane i arbeidet med den førebyggjande planen for born, unge og familiar. FOTO: Marianne A. Reistad

Ønskjer innspel til ny plan

Kva tenkjer du er viktig for at born og unge i Samnanger skal ha ein trygg og god oppvekst? Det vil dei tilsette i kommunen gjerne få høyra om.

– Me er opptekne av å laga ein levande plan der innbyggjarane er involverte, seier barnevernsleiar og einingsleiar livsmeistring, Laila Grønn-Jensen.

For tida jobbar kommunen med ein førebyggjande plan for born, unge og familiar, og i samband med den ønskjer dei innspel frå små og store samningar.

Set retninga for dei komande åra
– Fokuset vårt er at det skal vera godt å veksa opp i Samnanger, og me ønskjer at alle skal ha det bra, seier barnevernskonsulent Anja Elisabeth Gjerde Markhus.

– Me har fått tilbakemelding frå ungdomane om at dei ikkje er nøgde med lokalmiljøet sitt, legg Laila Grønn-Jensen til, og viser til Ungdataundersøkinga frå 2021 der berre 54 prosent av dei unge i Samnanger svara at dei er nøgde med lokalmiljøet. Det er godt under landsgjennomsnittet på 68 prosent.

– Så me vil gjerne vita kva dei unge treng. Planen me jobbar med no, skal setja retninga for dei neste åtte åra. Og ut frå innspela me får kjem me til å laga ei prioriteringsliste for tiltak. Difor er det så viktig at det me går inn for i planen verkeleg treff der det skal.

Besøk på skulane
Som ein del av planarbeidet skal dei tilsette på barnevernskontoret mellom anna stå på stand på skulane for å høyra kva elevane tenkjer.

– Me kjem til å vera éin dag på barneskulen og éin på ungdomsskulen no etter haustferien,
fortel Anja Elisabeth Gjerde Markhus.

Då kan elevane koma bort og slå av ein prat, fortelja kva dei er opptekne av, kva tilbod dei
saknar, og så vidare. I forkant vil lærarane verta informerte, slik at dei kan snakka med elevane om planen og kvifor barnevernet kjem på besøk.

– Frå barneskulen håpar me òg å få inn nokre teikningar, som me kan bruka i planen, seier
Laila Grønn-Jensen og fortel at ho også har vore på foreldremøte i barnehagane og skulane for å informera om planen denne hausten.

Me vil gjerne vita kva dei unge treng. Planen me jobbar med no, skal setja retninga for dei neste åtte åra.

Tverrfagleg samarbeid
Arbeidet med planen er tverrfagleg og involverer både eining for livsmeistring (barnevern, PPT og NAV) og alle andre som er i kontakt med born og unge i kommunen.

– Frivilligheit, oppvekst og helse jobbar tett saman. Me har også eit samarbeid med den politiske leiinga, og med kommuneleiinga, opplyser barnevernsleiaren.

Ho fortel at hausten starta med ein felles fagdag på tvers av einingane. Det har også vore tverrfaglege kompetansehevingskurs for dei tilsette.

– Målet er å finna ei felles plattform å jobba ut frå, og å finna ut kva me vil ha fokus på. Det er viktig at innbyggjarane vert møtte med same type kompetanse og haldningar uansett kvar i organisasjonen dei vender seg, og at me har felles strategiar på tvers av sektorane, påpeikar Grønn-Jensen.

Må vera synlege
– Alle kan ha behov for hjelp av barnevernstenesta, og ein viktig del av arbeidet vårt er å jobba førebyggjande. Hovudmålet er å hjelpa familiar på eit tidleg stadium. Det har vore mykje uro kring barnevernet i Samnanger og me har ein stor jobb å gjera for å byggja opp tilliten igjen, held ho fram.

Barnevernsleiaren legg vekt på at det er viktig å vera synlege i det førebyggjande arbeidet, og ho har tru på at det kan vera ein fordel å vera ein liten kommune når ein no skal prøva å «snu skuta».

– Det er mykje lettare å snu ein liten båt enn eit digert skip, og ved å vera ein liten kommune kan me få til veldig mykje.

Ved å jobba på tvers av einingane vert det enklare å setja inn «støytet» der det trengst for å få etablert gode tilbod for born, unge og familiane deira, meiner dei to tilsette på barnevernskontoret.

Kva treng samningane?
Kva som er gode tilbod, er mellom anna opp til samningane å vurdera. Er det til dømes behov for  jamlege foreldrerettleiingskurs? Veit folk kvar dei skal ta kontakt om dei treng hjelp, eller bør det formidlast på ein betre måte? Er det behov for møteplassar for dei unge?

Laila Grønn-Jensen og Anja Elisabeth Gjerde Markhus oppmodar no alle om å ta kontakt, skriva eller ringja, for å koma med innspel til den førebyggjande planen.

– Det er ikkje berre dei gode ideane me vil ha. Me ønskjer også å høyra om det folk har opplevd på godt og vondt, slik at me kan dra lærdom av det.

Planen skal vera ferdig ved juletider, og skal sannsynlegvis opp i det første kommunestyremøtet på nyåret.