GODT FØREBUDDE: Denne gjengen møttest kvelden før for å bli betre kjende med jazzsjangeren, og syntest det var svært kjekt på konserten.
Frå venstre: Magda Haugen, Paul Tømmerbakk, Bjørn Tømmerbakk, Anne-Kjersti Steinsvoll, Jenny Høysæter og Toril Tysseland.
GODT FØREBUDDE: Denne gjengen møttest kvelden før for å bli betre kjende med jazzsjangeren, og syntest det var svært kjekt på konserten. Frå venstre: Magda Haugen, Paul Tømmerbakk, Bjørn Tømmerbakk, Anne-Kjersti Steinsvoll, Jenny Høysæter og Toril Tysseland. FOTO: Bente Dyrøy Bødker

Haustjazz på Gjengevoll

I helga arrangerte Gjengevoll Mangesysleri jazzkonsert med bandet Trio33 frå Bergen. Medan musikken flaut ut i haustskumringa, kunne publikum nyta god mat og drikke på den overbygde verandaen.

Hanen gol på tunet og ein kunne høyra bjøllene frå sauene som gressa nedanfor verandaen. Mari og Kjetil Gjengedal Austvoll hadde pynta med lyslenkjer, flagg og fine blomebukettar frå gardsbruket. Tepper og varmelamper var sett ut slik at ingen skulle frysa. Det var også duka opp med heimelaga suppe på eigenproduserte økologiske grønsaker, drikke av ulikt slag – og andre produkt frå garden til dei som ville kjøpa det. Alt var lagt til rette for ein fin kveld på dette bortgøymte bruket.

VERTSKAPET: Mari og Kjetil Gjengedal Austvoll gledde seg til å dela denne kvelden med andre, og hadde stilt fram mykje godt som gjestane kunne få kjøpa under konserten.
FOTO: Bente Dyrøy Bødker

Sosialt
– Me synest det er ein triveleg måte å dela plassen med bygda på. Det er kjekt at det ikkje berre er ein konsert, men også eit sosialt treffpunkt. Det vert ein ganske intim setting, som legg opp til at ein kanskje kan prata og verta kjent med folk ein elles ikkje ville møtt, seier Kjetil Gjengedal Austvoll.

Trio 33, som består av vokalist Helena Wilde, gitarist Erik Wilberg og kontrabassist Rolf Prestø, er musikarar med lang erfaring frå ulike jazzscener i Bergen.

– Det var litt tilfeldig at det vart akkurat desse musikarane som kom her i kveld. Rolf har hytte på Bjørkheim, og han og familien har kome fleire gongar på sommarkafé her oppe. Me møtte dei igjen på julemarknad i byen i fjor, og då nemnde dei at det kunne vore kjekt å få til ein slik konsert her på garden. Me synest dei er utruleg dyktige, så det var ingen tvil om at me ville ha dei til å spela for oss, seier Kjetil.

Forventningar
17 gjestar frå fjern og nær har teke turen til Tveit denne kvelden.

– Me kjem frå Øygarden, og var så heldige å bli inviterte opp på konsert av ein god venn av oss som bur i Eikedalen. Me var på konsert her i fjor også. Då var det så stemningsfullt, og i tillegg utruleg god mat, så me er fulle av forventningar no, seier Anniken Hansen før konserten startar.

Samningen hamnar på bord med ein venegjeng frå Samnanger. Ingen av dei har høyrd noko særleg på jazz før, men kom saman kvelden før for å finna ut kva det var for noko.

– Eg har aldri vore her før, og det var litt tilfeldig at me kjøpte billettar, må eg innrømma. Me kjenner kona til Rolf, som speler i bandet, Toril Tysseland. Ho har vakse opp med oss, og dette var ein fin anledning til å møta ho igjen, samstundes som ein får ein konsert ut av det, seier Paul Tømmerbakk.

Det er eit eventyr å vera her

Stemningsfullt
Stemninga er lett og ledig, og når det nærmar seg spelestart, sit folk fortsatt å pratar og ler.

– Jazzkonsertar byrjar aldri presist, slår Toril Tysseland fast.

Men etterkvart ønsker Mari og Kjetil velkomen, og opplyser om at folk berre kan bli så lenge dei vil, for dei går ikkje å legg seg før sistemann er gått. Bandet startar med “Night and day” av Cole Porter og Helena syng med innleving og ein nydeleg klar stemme, medan Erik og Rolf spelar lett og ledig til.

– Denne songen er så fin og er gjort av samtlege jazzmusikarar eg veit om, kommenterer Helena Wilde då songen er slutt.

– Det er eit eventyr å vera her. Det er så nydeleg og stemningsfullt, og me kosar oss med å spela for dykk. Eg er høggravid, så eg manglar litt pust innimellom, men trur det skal gå bra, legg ho til.

TRIO33: F.v: Rolf Prestø, Helena Wilde og Erik Wilberg. FOTO: Bente Dyrøy Bødker

Gjev meirsmak
Dei har eit variert program, og spelar nokre rolege og nokre songar med futt i, og dei positive tilbakemeldingane frå publikum let ikkje venta på seg.

– Helena er fantastisk flink å synga, eg er veldig fornøgd. Tenk å få oppleva dette i vesle Samnanger, kommenterer Ragnfrid Aadland Olsnes.

– Det er fint med levande musikk, og er noko heilt anna enn å høyra dei på radioen. Dette gav meirsmak, og var litt overraskande for oss nye jazzentusiastar, seier Paul Tømmerbakk.

Også vertane er fornøgde med kvelden.

– Noko slikt vil me få til fleire gongar. Det er ikkje siste konsert me arrangerer her oppe, og me håpar det vart ei såpass god oppleving at folk kjem tilbake, avsluttar Kjetil Gjengedal Austvoll.