STORUTRYKKING: Både brannvesen, politi og helsepersonell rykte ut for å gje assistanse etter ulukka.
STORUTRYKKING: Både brannvesen, politi og helsepersonell rykte ut for å gje assistanse etter ulukka. FOTO: Mathias Reistad

To til sjukehus etter ulukke på Fv 49

Motorsykkel påkøyrd ved krysset mellom FV 49 og Bygdavegen torsdag ettermiddag.

Politiet fekk melding om ulukka kl. 15.35.

Ei kvinne som sat på motorsykkelen saman med ein mann, vart henta av luftambulansen. Mannen vart frakta til sjukehus i vanleg ambulanse, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til BT.

Både mannen og kvinna fekk helsehjelp på staden før dei vart henta, og skal ha vore vakne. Også førar og passasjer i personbilen skal ha vore bevisste.

– Det var ei alvorleg front mot front-ulukke mellom MC og bil, fortalde Knappen etter ulukka. Men politiet opplyste seinare at spor på staden tyda på at begge køyretøya hadde køyrt i same retning, og at motorsykkelen vart påkøyrd bakfrå. Politiet har difor beslaglagt førarkortet til bilføraren.

Dei to personane på motorsykkelen skal ha lege i vegbana etter ulukka.

Store mannskapsstyrkar rykte ut etter hendinga, og det var trafikale utfordringar på staden. Vegen var stengt i ein periode, men vart opna att rundt kl. 16.30.

Det oppstod lange køar på fylkesvegen etter ulukka. FOTO: Mathias Reistad