FOTO: Illustrasjonsfoto Scanstockphoto.com

Debatt:

Lovande rapport frå Barnevernsutvalet

Barnevernsutvalet som vart oppnemnd av Solberg-regjeringa for to år sidan, overleverte måndag denne veka (20. mars) rapporten sin til Barne- og familieminister Kjersti Toppe. Rapporten inneheld ein grundig gjennomgang av det norske barnevernet og tilrådingar for å styrkja rettstryggleiken for barn og foreldre i barnevernet.

Sjølv om eg rimelegvis ikkje har lese gjennom den nesten sju hundre siders lange rapporten (inklusive eit tillegg om ei helse- og sosialreform i Finland), så tillèt eg meg likevel å gi uttrykk for ein viss optimisme i samband med publiseringa av rapporten.

Det var interessant å høyra diskusjonen i NRK Dagsnytt 18 same dagen som rapporten vart lagt fram. Leiaren i utvalet, Marit Skivenes, var heilt klar på at det norske barnevernet ikkje har fungert tilfredsstillande når det gjeld born sine rettar. Utvalet meiner det bør setjast i verk ei rekkje tiltak for å betra situasjonen.

Skivenes trekte spesielt fram eitt av dei føreslegne tiltaka: Ei ordning med ein eigen barnerepresentant – utanfor barnevernet. Denne barnerepresentanten skal berre vera oppteken av barnet sine rettar og ikkje av foreldra eller barnevernet.

Barnerepresentantordninga (BRO) skal følgja barnet frå det tidspunktet det vert vurdert å flytta barnet og i heile perioden medan barnet bur i fosterheim eller institusjon. BRO skal erstatta ordningane med talsperson, tilsynsperson og tillitsperson – og når sakkunnige har vorte brukte for å innhenta barnet si meining.

Trua mi på at dette kan vera eit fornuftig tiltak auka faktisk då det viste seg at leiaren for forbundet der mange barnevernstilsette er organiserte, Mimmi Kvisvik, var negativ til tiltaket. At ho var negativ, kan nemleg sterkt tyda på at BRO vil kunna verka som eit kontrollorgan i høve til barnevernet si framferd i dei ulike sakene.

Det synet som barnevernet på si side stadig gir uttrykk for, er alltid «meir av same slaget». Dei vil ha meir ressursar og barneverns-kontaktar med høgare utdanning (mastergradnivå). Kvisvik peika òg iherdig på at innan barnevernet så har ein jo allereie «barnet sitt beste i førarsetet».

Kvisvik sin kommentar om «barnet sitt beste» avslører at representanten for barnevernstilsette ikkje kan ha teke innover seg at det ikkje minst er nettopp på dette området at barnevernet i altfor stor har svikta! Altfor ofte har det i praksis vist seg at det er omsynet til sjølve barnevernssystemet og dei barnevernstilsette som har sete i både førarsetet og høgsetet hos barnevernet.

Kvisvik hevda at det ikkje er rett å byggja opp eit ressurskrevjande system ved sida av det eksisterande systemet. Min kommentar til dette er at det svært tydeleg har vist seg at det finst ein systemfeil i barnevernet. Då nyttar det slett ikkje med «meir av same slaget», men berre med tiltak som kan verka korrigerande i høve til det eksisterande systemet!

Det var og positivt å høyra det statsråden hadde å seia. Det var viktig at ho mellom anna passa på å nemna foreldre sine rettar – som jo også er eit fokus i rapporten. Det er nettopp rettane til foreldre og nær familie som har hatt ein tendens til å verta trampa på av eit barnevern som stundom har avslørt ein skrikande mangel på respekt i møte med borna sine næraste.

Det kan leggjast til at eit anna av tiltaka som er føreslegne, er at aldersgrensa for at eit barn får status som part i saka, vert senka frå 15 til 12 år. Det skal også gjerast betringar i eit barn sitt høve til å klaga og å be om overprøving i saka si. Det tykkjest høgst rimeleg.