– Det er utruleg at Samnanger, som ligg så tett på Bergen, ikkje har vekst i folketalet, medan kommunane rundt oss er i rivande utvikling, seier Jarle Tverli, nestleiar i partilaget.
Han, Thomas Hellevang, Jan Ove Haga og Tyra Pedersen utgjer interimsstyret i det nye partiet, som vart stifta førre onsdag. Hellevang er leiar.
Den første oppgåva deira vert å finna nok kandidatar til at dei kan stilla liste ved kommunevalet i september.
– Me er seint ute. Lista bør vera klar i starten av mars, men eg reknar med at me skal få det til. Laget har allereie 14 medlemmer, og me treng berre sju kandidatar for å stilla til val, seier Thomas Hellevang.
Korleis det gjekk på nominasjonsmøtet onsdag kveld, var ikkje kjent då Samningen gjekk i trykken.
– I grøfta
Tverli og Haga har vore Ap-sympatisørar heile sitt vaksne liv. No er det slutt.
– Måten Ap og Sp styrer på i regjering, er heilt forkasteleg. Dei køyrer oss rett i grøfta, og tek ikkje tak i dei store utfordringane. Svært mange bedrifter slit med straumprisane og at alt har vorte dyrare. Stadig fleire får problem, men regjeringa sit berre og ser på i staden for å handla. Dei gjer også altfor lite for å hjelpa vanskelegstilte husstandar, seier ein engasjert Jarle Tverli.
Thomas Hellevang meiner utviklinga fører til politikarforakt.
– Når misnøya vert for stor, og folk føler at dei som styrer ikkje tek dei rette grepa, skjer det ei urovekkjande utvikling. Då får dei ekstreme partia på ytterfløyane vind i segla. Det ser me tydeleg i land etter land, seier han.
Over 20 lokallag
Det er utviklinga nasjonalt som har trigga initiativtakarane til å starta eit nytt parti i Samnanger.
– Skal det koma ei endring, må me starta på lokalplanet. Difor skipar Industri- og næringspartiet (INP) no lokallag i stadig fleire kommunar. I løpet av dei siste 14 dagane har både Osterøy og Austrheim kome med på lista – i tillegg til Samnanger, påpeikar Thomas Hellevang, som laurdag vart valt til styremedlem i fylkespartiet.
– INP vart stifta i 2020, og berre på Vestlandet er det no 23 lokallag. Målet er å byggja ein organisasjon som etter kvart får innverknad på både fylkes- og rikspolitikken, legg han til.
-Ta vare på det me har
– Kva vil de gjera lokalt, om de kjem inn i kommunestyret til hausten?
– Me vil først og fremst prioritera dei lovpålagde tenestene, og arbeida for at det er nok ressursar i skular, barnehagar og eldreomsorg. Me kan ikkje heile tida be dei tilsette om å springa fortare, svarar Jarle Tverli, som er tillitsvald i Utdanningsforbundet.
– Og så må me kunna vedlikehalda det me har før me brukar store pengesummar på nye tiltak, som til dømes ein fleirbrukshall, meiner Jan Ove Haga.
– Unntaket er ny brannstasjon. Den er det svært viktig å få på plass, slik at brannmannskapa får arbeidstilhøve som er i tråd med lover og reglar. Men at det skal gå an å byggja brannstasjon for seks millionar kroner, slik administrasjonen tidlegare har hevda, stiller eg meg svært undrande til. Andre kommunar som har bygd nytt, har punga ut med det mangedoble, legg han til.
Haga meiner også at kommunen må ta grep for å leggja til rette for næringsutvikling.
– Får me arbeidsplassar, vil me få fleire innbyggjarar. Det er eg overtydd om, seier han.
Glade for innspel
Thomas Hellevang understrekar at INP Samnanger er i oppstartfasen, og ikkje har alle svara enno.
– Me skal snart i gang med programarbeidet, og tek gjerne imot forslag og innspel frå samningane, seier han.
– Det er viktig for oss at me er med i eit parti som kan få representantar både på fylkestinget og Stortinget. Då har me nokon å spela på lag med lenger oppe i systemet. Der synest eg Bygdalista stiller litt svakt, kommenterer Hellevang.
Mindre byråkrati
Dei tre styremedlemmene er frustrerte over korleis samfunnet har utvikla seg dei siste tiåra.
– No har det gått så langt at det vert brukt meir tid på å arbeida med anbod, kontroll og rapportering enn på å utføra oppgåvene som skal gjerast, meiner dei.
– Ordninga kan sikkert vera bra i større prosjekt, men det har teke heilt overhand. Det er slett ikkje slik at anbodsprinsippet gjev den rimelegaste løysinga i alle samanhengar. Byråkratiet som trengst for å administrera og følgja opp eit slikt system, kostar enorme pengesummar, påpeikar Thomas Hellevang, Jarle Tverli og Jan Ove Haga.
Dei meiner også at rapportering og kontroll gjennomsyrer altfor mykje av tenesteproduksjonen rundt om i kommunane.
– Folk må få ansvaret tilbake. Me må stola på at tilsette kan gjera ein god jobb, slik at dei kan få bruka meir tid på primæroppgåvene sine og mindre på alt rundt, avsluttar dei.