«Me har mykje å vera stolte av i Samnanger»

Førre laurdag var det samla ein gjeng sauna-entusiastar på biblioteket på Bjørkheim til ein såkalla samtale-kafé, for å drøfta kva ein kan gjera for å få det endå kjekkare her i bygda vår. Der kom det opp mykje spennande.

Gode idear om å få til alt frå vinkurs til pop-up-kafé, sosiale samankomstar eller kurs i kajakk og kakebaking. I samtalen konstaterte me heilt uomtvisteleg at me allereie har umåteleg mykje å vera stolte av her i bygda. Ja, og at det kanskje også er behov for at me oftare uttrykkjer oss positivt om kor mykje me allereie har – om dei tilboda me har tilgang til, anten det skulle vera dagsturhytta, Tohaugen, storslått natur, ungdomslaga sine kjekke arrangement eller den nye flotte saunaen i Teigavika, for å nemna nokre.

Når ein først byrjar å snakka om kva me har, og kva me kan få til her i bygda, ja, då blir ein fylt med ein slik entusiasme og optimisme at det halve kunne vore nok. Me har verkeleg grunn til å vera stolte. Men kanskje me kan heia endå meir på kvarandre og få til betre samarbeid for å utvikla den flotte bygda vår?