NETT bygdebutikken hoved RBG
FOTO: Karina L. Frøland

– Dersom me ikkje får med oss fleire aksjonærar, vert det ikkje butikk på Tysse

– Prosjektet er så og seia fullfinansiert med kommunale midlar, men me kan ikkje starta butikk dersom me ikkje har folket i ryggen, seier styreleiar i Tysse Landhandel AS, Njål Soleng.

Måndag inviterte styret til dugnadsmøte og aksjeteikning. På førehand hadde rundt 400 husstandar fått informasjon i postkassen, men på møtet stilte berre 15 personar opp.

– Det var skuffande. Det burde i alle fall ha kome det doble, seier Njål Soleng til Samningen.

På møtet var det mange som ønskte å jobba dugnad for butikken, men berre nokre få som melde interesse for  å gå inn på eigarsida. No er styret i villreie om vegen vidare.

– Tanken var at dette skulle vera eit folkeaksjeselskap, ein butikk som innbyggjarane eig saman. Slik vert det ikkje dersom berre tre av oss i styret og nokre få andre skal stå som aksjonærar, konstaterer Soleng.

Han er klar på at selskapet ikkje kan investera to millionar kroner i ny nærbutikk, dersom ikkje folk har tru på prosjektet.

– Difor er me svært spente på responsen fram til 30. november. Då går fristen for aksjeteikninga ut. Vil samningane at det skal verta liv att på Tyssekaien, må dei vera med, seier styreleiaren.

Han meiner at butikkdrift er ein føresetnad for både sommarbåtrute, turistinformasjon, bunkringsanlegg og kulturaktivitetar.

– Daglegvarebutikken vil vera ein sentral aktør i alt dette. Utan den vert det svært vanskeleg å få til noko, trur Njål Soleng.

Treng tilbakemelding
Kommunestyret har stilt opp og ytt både lån og tilskot til prosjektet. Fleire av politikarane har vore negative til pengebruken, men fleirtalet ønskjer sterkt ei revitalisering av den gamle fabrikkstaden.

– Me set svært stor pris på at kommunen har strekt seg så langt, men det følgjer også eit ansvar med å ta imot 1,6 millionar kroner i lån og 400.000 i tilskot. Skal me gjera det, må me vita at bygdefolket vil ha ny butikk – og at dei vil bruka han, seier Soleng.

Saman med invitasjonen til å delta i dugnad og aksjeteikning følgde difor ei spørjeundersøking som styret håpar at folk vil svara på.

– Det er utruleg viktig for oss å få tilbakemelding på butikkplanane frå innbyggjarane. Og no hastar det. Me må koma i gang med oppussing av lokala før jul dersom butikken skal
verta noko av, for kravet frå kommunestyret er at drifta må starta seinast 1. april, påpeikar styreleiaren.

Tanken var at dette skulle vera eit folkeaksjeselskap, ein butikk som innbyggjarane eig saman.

Lang tid
– Kvifor trur du at så få kom på møtet måndag kveld?

– Eg har inntrykk av at mange rett og slett ikkje hadde fått med seg at det skulle vera møte.
Konvoluttane me brukte til utsendinga av informasjon var nok litt anonyme, og kan ha gått i bosset hos enkelte. Marknadsføringa elles var heller ikkje god nok.

– Det har gått lang tid frå butikkplanane vart lanserte utan at det har skjedd noko. Kan dét ha verka inn?

– Ja, både koronapandemien og anleggsarbeidet i Tyssegata har påverka framdrifta. I mellomtida har folk etablert nye handlevanar. Difor er det så viktig for oss å få vita om det framleis er interesse for butikken. Me har mange som har sagt seg villige til å yta frivillig innsats, men det er ikkje nok. Tysse Landhandel treng også eigarar og kundar.

Må ha fleire med på laget
Per i dag er det berre Njål Soleng, Ivar Berland og Bjørn Helge Ulland som er aksjonærar. Dei har gått inn med 10.000 kroner kvar for å nå minimumsbeløpet som trengst for å stifta eit AS. Men dei treng 70.000 kroner til for å koma opp i den kapitalen dei meiner selskapet bør ha.

  Og me vil gjerne ha mange småaksjonærar framfor éin stor. Det gjev butikken meir legitimitet og betre forankring i bygda. Ein aksje kostar berre 2.000 kroner, så folk risikerer ikkje sparepengane på å vera med, understrekar Soleng.

– Vert ikkje planane realiserte, skal pengane betalast tilbake, legg han til.

I vedtektene er det slege fast at Tysse Landhandel skal vera ei ideell verksemd med eit sosialt formål. Det betyr at eventuelle overskot skal brukast på å utvikla butikken og nærmiljøet, og ikkje gå som utbyte til eigarane.

Skal avgjerast snart
For styret vert 6. desember ein avgjerande dato. Då må dei oppsummera interessa og bestemma seg for om dei skal gå vidare med etableringa.

– Me treng vintermånadane til oppussinga og innreiinga som skal gjerast, og ikkje minst til å få på plass ein dagleg leiar med engasjement og pågangsmot, avsluttar styreleiaren.