Det er biskopane i Den norske kyrkja og Norges Kristne Råd som står bak oppfordringa om å markera solidaritet med dei som er ramma av konflikten.
– Me kjem til å delta i markeringa og ringja med kyrkjeklokkene på Ådland i sju minuttar frå kl. 13, opplyser kyrkjeverje Britt Haukanes til Samningen.
– Det vil også verta forbøn for Ukraina i gudstenesta som startar kl. 11, opplyser ho.
Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, seier i ei pressemelding at Russland sin invasjon av Ukraina har sjokkert ei heil verd.
– Me vil markera solidaritet med dei som lir i landet og dei som flyktar frå krigshandlingane, opplyser han.