Mange innbyggjarar spør om kommunen har jodtablettar i beredskap. Kommunen informerer på nettsidene sine om at dei har beredskapslager for born og unge under 18 år, samt for gravide og ammande. Det er desse gruppene styresmaktene anbefaler at kommunane har beredskapslager for.Beredskapslageret for born i barnehagar og skular vert no distribuert ut til skulane og barnehagane i Samnanger, slik at dei skal kunne fordelast raskt til borna dersom det vert behov for dette.
Det er imidlertid slik at Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) seier at det er lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg som følgje av situasjonen i Ukraina. Direktoratet sitt generelle råd (uavhengig av krigen i Ukraina) er likevel at alle under førti år bør ha jodtablettar lagra heime. Tablettar kan kjøpast reseptfritt på apotek, og sjølv om apoteka no kan vere utseld for jodtablettar, melder sentrale myndigheiter at det er store mengder på veg ut til grossistar og apotek.
Jodtablettar skal berre takast etter råd gitt frå styresmaktene.
Dersom styresmaktene kjem med råd om å ta jodtablettar, vil tablettar til ungdom under 18 år som ikkje er skuleelevar i kommunen og som ikkje får utlevert tablettar på vidaregåande skule, kunne hentast ved Samnanger helsetun. Det same vil gjelda for gravide og ammande.