NETT Hurtigtest, covid-19 RBG
FOTO: Illustrasjonsfoto

Samnanger har fått digitalt registreringssystem

No er det ikkje lenger nødvendig å ringa koronatelefonen for å gje melding om ein har testa positivt på heimetest.

Heretter kan ein registrera resultatet sjølve via ei digital løysing som ligg på Samnanger kommune sine nettsider. Den som har behov for råd i samband med korona, kan framleis ta kontakt via koronatelefonen.

Alle dei 356 kommunane i landet har no fått på plass digital sjølvregistreringsløysing, opplyste Kommunal Rapport onsdag denne veka. Det var då ei veke sidan Helsedirektoratet bad alle kommunar om å tilby denne løysinga. Då hadde berre 130 av dei tilbodet.

Mindre oppfølging
Kommunen sitt smittesporingsteam vil no i mindre grad enn før følgja opp dei som er koronasmitta med råd og rettleiing. Folk må i større grad klara seg sjølve og ta ansvar for å informera nærkontaktane sine.

Om ein har fått grunnvaksinering (to dosar) og påfyllsdose, eller grunnvaksinering og har hatt covid-19 dei siste tre månadene, er det ikkje lenger nødvendig å ta ein PCR-test for å stadfesta positiv heimetest. Då er det nok å registrera resultatet i det digitale systemet. Alle andre, som ikkje har fått den nemnde vaksineringa/hatt covid-19, bør ta PCR-test, og då er det ikkje nødvendig å registrera positiv heimetest sjølv. Meir informasjon på kommunen sine heimesider.