Dei nasjonale reglane gjev unntak for born under 18 år frå smittekarantene ved nærkontakt med ein smitta som dei ikkje bur saman med eller har nær relasjon med – som f.eks ein skulekamerat.
Kommunen innfører no ei lokal forskrift som fjernar unntaket frå krav om smittekarantene for dei under 18 år. Dette betyr at born og unge under 18 år som er nærkontakt til ein med påvist smitte, må vera i smittekarantene.
Fleire andre kommunar i bergensområdet har gjort tilsvarande forskriftsvedtak, opplyser kommunen på heimesidene sine.
Formålet med forskrifta er å avgrensa spreiing av koronaviruset i ein periode med sterk auke i smittetal i lokalsamfunnet og i nabokommunar, og slik sikra forsvarleg kapasitet i kommunale helse- og omsorgstenester.
Gjeld i seks dagar
Forskrifta trådde i kraft torsdag 16. desember klokka 00.00 og varer til tysdag 21. desember klokka 24.00. Frå og med onsdag 22. desember gjeld dei nasjonale reglane som seier at born og unge under 18 år som ikkje er husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære ikkje må gå i smittevernkarantene. Dette betyr også at dei som er i karantene tysdag 21. desember automatisk går ut av denne når den lokale forskrifta er oppheva.