EITT KLASSETRINN RAMMA: Ni av dei ti smittetilfella dei siste dagane kan knytast til utbrotet på Samnanger barneskule, der fem elevar på eitt trinn har testa positivt på covid-19.
EITT KLASSETRINN RAMMA: Ni av dei ti smittetilfella dei siste dagane kan knytast til utbrotet på Samnanger barneskule, der fem elevar på eitt trinn har testa positivt på covid-19.

Fleire nye smittetilfelle

I løpet av dei siste dagane har ti samningar fått påvist covid-19. Ni av desse er knytt til utbrotet på barneskulen.

I alt fem elevar på same klassetrinn, to nærkontaktar og to andre i tilknyting til desse er smitta. Ein av desse er tilsett i Vassloppa barnehage.

I tillegg til dei ni er det torsdag 11. november også påvist smitte hos ein person som har ein annan smitteveg.

Barneskulen og Vassloppa barnehage har innført målretta tiltak, og situasjonen er framleis oversiktleg, melder kommunen på heimesidene sine torsdag. Det er risiko for at det vert påvist fleire smitta dei nærmaste dagane.

Gratis sjølvtest
Kommuneoverlege Harald Ramm Salbu opplyser at dei som blir oppmoda om å testa seg i samband med smittesporing, kan kontakta helsetunet og få gratis sjølvtest. Dette gjeld også om ein har symptom på covid-19. I sistnemnde tilfelle er det viktig å ikkje koma på helsetunet sjølv, men få nokon andre til å henta testen.

Om ein ikkje har symptom, men ønskjer å ta ein test av andre grunnar, må ein gå på apoteket og kjøpa han sjølv.

Følg smittvernreglane
Alle som treng å føreta seg noko i samband med smitten på barneskulen og i barnehagen, er varsla. Alle andre bør halda fram og følgja dei vanlege smittevernreglane. På barneskulen sine heimesider og hos FHI ligg det «flytskjema» som fortel kva ein skal gjera dersom ein sjølv eller borna opplever luftvegssymptom, eller viss ein sjølv eller nokon i familien har fått påvist covid-19

Sidan mars 2020 er det påvist totalt 37 smitta med opphaldsadresse i Samnanger.