Då det meste var klart for årets påskegudstenester, vart smittvernreglane endra og alle fysiske arrangement i kyrkja avlyste. Det har vore eit år med mykje logistikk, fortel dei tilsette på kyrkjekontoret, som nok ein gong måtte hiva seg rundt og finna alternative løysingar.