Tyssedagen

30. mai 2026 kl. 12:00 — kl. 15:00
Tyssekaien

Smak deg gjennom verda utan å forlata kaien: thailandsk mat frå Phayom Nilsen, klassiske pølser på landhandelen, eit lynlotteri som gjer ein skilnad for ein skule i Zambia. Hjå Reistad skafferi ventar gardsferske skattarrett frå jorda, medan Skaparloftet sin Mooi opnar ein popup med handlaga perler— det er berre å la seg freista.

Og når beina treng ein pause, står Samnanger Husflidslag klare med heimebaka kaker og rykande kaffi. Velkomen til kaien — her er det noko for einkvar smak, alder og lynne!

Speidarane tenner eventyrlyst: Kjenner du lukta? Bjørkeved som glør, deig som sveiser seg gyllen kring ein pinne. Speiderane inviterer til bålkos, spikking og turtips – her vert alle eventyrlystne.

Utsyn i bølgjene: Hopp i båten og sjå Samnanger frå sjøsida, med vind i håret, salt på leppene og bratte fjell som speglar seg i fjorden.

Lukke på snøret: Snøret i sjøen, hjartet i halsen. Fiskekonkurranse for alle som vil kjenna spenninga når det rykkjer i snøret (kl.12.00–14.00).

Generasjonsleikane – moro på tvers: Ta med naboen, besteforeldra, ungane og venene – her møtest minstto generasjonarpå kvart lag til uhøgtidelege leikar der latter er den viktigaste speleregelen. Gratis å delta, og alle går heim med premie!