– Med dette vil eg, på vegner av Samnanger kommune, få gratulera alle involverte – og erklæra Smådalselva kraftverk offisielt for opna, seier Karl Kollbotn.
Medan det er ordføraren som held opningstalen, er det Tor Egil Nilsen som får den store æra å klippa snora. Han er tidlegare grunneigar og var med i oppstarten av prosessen med kraftverket. No har sonen hans, Svein Erik Nilsen, teke over både gard og grunn.
– Med opninga av Smådalselva kraftverk markerer me ikkje berre starten på ei ny energi-
kjelde, men også eit symbol på samarbeid, vilje og uthaldenheit, seier ordførar Kollbotn i talen sin.
Har teke tid
Det har gått heile 18 år sidan Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) første gong gav konsesjon til utbygging av Smådalselva på Tysse. Men sidan straumnettet ikkje hadde nok kapasitet til å ta imot produksjonen, måtte utbygginga utsetjast.
– Det har vore eit langt svangerskap, seier Bjarte Skår, direktør for forretningsutvikling i Småkraft AS.

EIN GLEDENS DAG: Bjarte Skår (t.v.), direktør for forrentnigsutvikling i Småkraft AS, feira den offisiellle opninga tysdag. Her saman med driftsansvarleg Tim Haugen. FOTO: Siri Ravn
I 2022 sa NVE ja til prosjektet nok ein gong, og bygginga kunne starta. 19. juni i år var Smådalselva kraftverk på nett, og straumen kom endeleg ut til folket. No forsyner det 450 husstandar med straum.
– Det har gått veldig bra så langt. Alt har gått etter planen, og me har ikkje hatt nokon barnesjukdommar, fortel Skår.
Eit skår i gleda
– Dette er ein gledens dag for oss i Småkraft AS, for grunneigarane og for lokalsamfunnet, synest han.
Småkraft er den største småskala kraftutbyggjaren i Europa. Dei eig og driftar over 250 kraftverk. Til saman produserer dei nok elektrisitet til å forsyna heile 125.000 husstandar med straum.
– Dette kraftverket er spesielt for oss. Det er ein av dei siste konsesjonane Småkraft har fått, og me er spente på fortsetjinga. Me håpar å kunna bidra med meir fornybar energi i framtida, seier Skår.
Men det er ein strek i rekninga: – Me må vera ærlege: Forslaget som Arbeidarpartiet har lagt fram om endring av innslagspunkt for grunnrenteskatten er svært negativt for oss, seier direktøren.
Regjeringa har utarbeidd eit høyringsforslag der dei går inn for å endra innslagspunktet for grunnrenteskatt frå dagens 10 MW til 1,5 MW.
– Dette vil føra til store tap både for Småkraft og grunneigarane. At private grunneigarar skal betala ekstra skatt til staten for jorda si – det er heilt merkeleg og urettferdig, synest Skår.
I ein felles uttale frå dei største aktørane i småkraftbransjen, heiter det at forslaget alt har fått konsekvensar. «Dette forslaget har medført full stans i sanksjonering av nye utbyggingsprosjekter. Usikkerheten for investorer og utviklere er nå så stor at videre beslutninger settes på vent».

PÅ NETT: Småkraft AS skrudde på turbinen som produserer straum, slik at dei frammøtte fekk oppleva korleis han høyrest ut i drift. Kraftverket har ein installert effekt på 3,5 MW. FOTO: Siri Ravn
Feirar at arbeidet er ferdig
Sjølv om alt ikkje er rosenraudt, er dette ein festdag. Småkraft AS skrur på turbinen, slik at alle dei frammøtte får høyra han i aksjon.
– I dag skal me feira, seier Skår.
Grunneigar Svein Erik Nilsen feirar også.
– Det er kjekt at dette blei noko av. Eg er veldig nøgd. Men det blir kjekt å koma tilbake til det normale også, og gå tilbake til vanleg gardsarbeid att. Det er møkalukta som er sjarmen med Samnanger, synest Nilsen.
Han legg til:
– Som bonde er det kjekt med ei ekstra inntekt frå kraft også.
Karl Kollbotn er glad for at finvêret slo til under opninga. Men no er både han og Småkraft klare for dei store hauststormane.

