TRENG FLEIRE: Stor nedgang i 
talet på barnehage- og skuleborn, er uheldig for kommunen på sikt, meiner rådmannen.
TRENG FLEIRE: Stor nedgang i talet på barnehage- og skuleborn, er uheldig for kommunen på sikt, meiner rådmannen. FOTO: Illustrasjon Scanstockphoto

Er uroa for framtida

Trass i redusert folketal meiner rådmannen at kommunen står støtt på kort sikt. Det som uroar han mest, er at Samnanger får stadig færre barnehage- og skuleborn.

Rådmannen understrekar at Samnanger ikkje er særleg sårbar for utflytting på kort sikt. Samstundes meiner han folketalsutviklinga over tid er ei utfordring.

Særleg éi utvikling uroar han.

– Eg er meir bekymra på utviklinga over tid, særleg dersom fleire i dei yngste aldersgruppene flyttar ut. No ser me til dømes ein for stor nedgang i talet på barnehage- og skuleborn.

Han opplyser òg at tala for andre kvartal ikkje får store konsekvensar for kommuneøkonomien.

Vil gjera kommunen meir attraktiv

For å styrkja grunnlaget for folkevekst peikar rådmannen på fleire tiltak.

– Me er opptekne av å tilby gode lokale tenester med trygg finansiering og høg kvalitet.

Han trekkjer òg fram den komande idrettshallen.

– Dette prosjektet kan bidra til at fleire blir buande i kommunen, samstundes som hallen kan vera eit pluss for folk som vurderer å flytta hit.

32 personar flytta frå kommunen på tre månader

I tillegg peikar han på bustadutvikling.

– Me jobbar med ein arealplan som skal leggja til rette for nye bustader. Det er viktig dersom ein ønskjer å trekkja til seg fleire innbyggjarar.

Må tenkja langsiktig

Rådmannen meiner det er viktig å sjå folketalsutviklinga i eit langsiktig perspektiv, og åtvarar mot å ta store avgjerder basert på korte svingingar.

– Me må unngå å investera for mykje eller for dyrt i løysingar som kanskje ikkje blir naudsynte i framtida. Utviklinga er vanskeleg å spå heilt sikkert.