I morgon må kongen halda talen

Sidan Dronning Sonja ikkje er med på fylkesturen i Vestland, vert det Kong Harald som held tale på vegner av kongehuset.

KJEM ÅLEINE: Det var Dronning Sonja som skulle halda talen i Samnanger. No må Kongen overta. FOTO: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff

Kongen starta i dag fylkesturen sin i Etne. I morgon får han oppleva Samnanger for aller første gong. Eigentleg skulle kongeparet saman besøkja fire kommunar i Vestland, men på søndag vart dronninga sjukemeld på grunn av hjarteflimmer og hjartesvikt etter ei undersøking ved Rikshospitalet.

– Synd at dronninga ikkje kjem

– I følgje Statsforvaltaren vert det ikkje endringar i programmet for morgondagen, bortsett frå at det no er kongen som skal halda tale på vegner av kongehuset, opplyser ordførar Karl Kollbotn tysdag ettermiddag.

– Det er synd at dronninga vart sjuk, og dermed ikkje får sett Samnanger. Eg trur ho ville sett pris på å vera her.

Vil invitera igjen

Likevel gler ordføraren seg frykteleg til kongebesøket i morgon.

– Det vert ufatteleg flott! Dette er første gongen Samnanger får besøk av Kong Harald, og det kan verta hundre år til neste gong me får oppleva noko liknande, med mindre det skjer noko veldig spesielt her. Men eg har lyst til å invitera kongeparet tilbake til oss.

Kollbotn forsikrar at kommunen har god kontroll no i innspurten før folkefesten i parken på Bjørkheim. Det einaste er at ordføraren sin tale kanskje må kortast litt ned før morgondagen.

– Eg jobbar litt med å kutta ned på talen min, sidan han var litt i lengste laget sist eg hadde ein gjennomgang.