– Eg har lyst til å takka Eilert for tolmodet. No er det fire år sidan eg henta notane oppe i bakken her borte. Dette er kortreist kultur, så og seia utan utslepp, sa pianist Frode Skag Storheim med eit smil før han tok fatt på det sytten satsar lange verket.
Inspirasjon frå Telemark
Slåttane Eilert Tøsse har brukt som inspirasjon er etter spelemannen Knut Johannessen Dahle frå Tinn i Telemark, nedteikna av Johan Halvorsen. Edvard Grieg brukte dei seinare i Slåtter, opus 72.
For kvar og ein av dei sytten satsane fann publikum informasjon via storskjermen framme i kyrkja. Her blei det opplyst om kor den opphavelege slåtten var frå, kva spelemann og dans han var knytt til, og kanskje kva han handla om.
Støtte til kyrkjemusikkarbeidet
Pianist Skag Storheim spelte så notearka flagra rundt han. Undervegs henta han også fram både bukkehorn og lur, som han lokka vakre «ur-tonar» ut av.
Konserten, som i tillegg inneheldt verk av Grieg og Sæverud, var gratis å koma inn på. Men arrangør og utøvar hadde eitt ønske:
– Eg har sagt at eg godt kunne koma og spela gratis mot at kollekten skulle gå til kyrkjemusikkarbeidet her, opplyste Skag Storheim før han runda av med eit ekstranummer.
Opna ei ny verd
Blant tilhøyrarane var Hanne Yndestad Aadland. Ho har budd i Telemark og fortel at ho kjenner til plassane slåttane kjem frå.
– Så eg hadde litt telemarksfølelse heile tida. Det var så fantastisk framført. Eg kjende at eg forsvann inn i ei anna verd, og eg «dansa» gjennom heile konserten. Det er eit stort og imponerande verk. Eilert er jo Eilert, og det er berre fantastisk, kommenterer ho.
Pandemi-komposisjon
Komponisten sjølv var også til stades i kyrkja denne søndagskvelden.
– Korleis var det å sitja blant publikum og høyra verket i sin heilskap?
– Eg har høyrt opptak av enkeltsatsar som Frode har sendt til meg, og eg var jo på generalprøva, men det var stort å oppleva dette. Eg fekk også veldig mange positive tilbakemeldingar etterpå, seier Eilert Tøsse.
Han fortel at han har jobba med komposisjonen ganske intensivt i rundt eitt år.
– Frode kom med ei bestilling i 2021, og så fekk eg eit arbeidsstipend. Ein kan gjerne seia at Slåttekanter kom til under pandemien – då passa det å gjera sånt.
– Ein må først gå inn i det originale stoffet, «læra» det på ein måte. Og så må ein gjera noko heilt anna. Eilert Tøsse om arbeidet med Slåttekanter
Stemning og klangar
Prosessen fram mot det ferdige verket beskriv Eilert Tøsse omtrent slik:
– Ein må først gå inn i det originale stoffet, «læra» det på ein måte. Og så må ein gjera noko heilt anna.
Namnet Slåttekanter har samanheng med nettopp det at han har fjerna seg ganske mykje frå dei opphavelege slåttane.
– Det er nesten umogleg å transkribera frå hardingfele til piano. Eg har prøvd å få fram stemninga, nokre av dei opphavelege klangane. Mykje har blitt veldig annleis, enkelte gonger er det baklengs, og det er høgt oppe og lågt nede i register. Eg er oppteken av variasjon, seier Eilert Tøsse og legg til:
– Det hadde vore kjekt å ha ein konsert der ein fekk høyra dei opphavelege hardingfeleslåttene først, og så dette verket etterpå. Men det er jo eit heilt anna prosjekt.
Lydhøyrt publikum
– Det var ei skilsetjande oppleving. Kjempegøy! Eg vakna fleire gonger i natt og merka at eg hadde drøymt om stykka, seier pianist Frode Skag Storheim dagen derpå.
Han har aldri gjort noko liknande før, med tanke på lengde og format på verket, og fortel at det har vore ein lang modningsprosess.
– Det er mykje ein kan gjera med musikk som er såpass open. Eg har spelt stykke som er vanskelegare teknisk, men her måtte ein berre prøva å fortapa seg i si eiga verd.
Det same gjaldt for tilhøyrarane som måtta laga si eiga førestillingsverd undervegs.
– At det var eit så lydhøyrt publikum, er eg veldig glad for. Og at det skulle dukka opp rundt femti samningar på ein samtidskonsert ein søndagskveld, er jo også veldig kult.

BEGEISTRA PUBLIKUM: Utøvar og komponist fekk blomar og solid applaus som takk for konserten. FOTO: Marianne A. Reistad
Assosiasjonar
Verket Slåttekanter er skrive til Frode Skag Storheim, og ideen blei fødd i den korte perioden han jobba som kyrkjemusikar i Samnanger.
– Eilert, som er veldig glad i folkemusikk, sa noko om at han hadde sysla litt med desse slåttane som var nedteikna av Johan Halvorsen i si tid, fortel Skag Storheim og held fram:
– Han søkte midlar og fekk det, og eg skjønte raskt at dette vil ta tid å innstudera. Det er eit svært verk. For å kunna gjera det ordentleg, måtte eg ha tid til å jobba meg inn i denne materien. Ein kan gjerne kalla det han har laga for assosiasjonar. Det er jo ikkje hardingfeleslåttar, det er avtrykk eller inntrykk av folkemusikk. Ein kan tillata seg ein viss fridom innanfor det.
Ny konsert
Den som ikkje fekk med seg konserten i kyrkja på søndag får ein ny sjanse førstkomande laurdag. Då skal Frode Skag Storheim framføra Slåttekanter på Griegakademiet.
Konserten i Samnanger blei elles filma, og det er planar om å leggja opptaket ut på YouTube.

