HAR KUTTA KOSTNADER: Det har vorte rimelegare å driva barnevernet i Samnanger medan Laila Grønn-Jensen har vore leiar. No seier ho takk for seg, og er klar for å gje stafettpinnen vidare.
HAR KUTTA KOSTNADER: Det har vorte rimelegare å driva barnevernet i Samnanger medan Laila Grønn-Jensen har vore leiar. No seier ho takk for seg, og er klar for å gje stafettpinnen vidare. FOTO: Arkiv

Utgiftene til barnevernet er halverte på to år

I 2023 brukte Samnanger kommune 9,6 millionar kroner på barnevern. I fjor var utgiftene under det halve.

Dei første åra etter at Samnanger sa opp avtalen med Bergen om kjøp av barnevernstenester, var barnevernet prega av stor gjennomtrekk, høgt sjukefråvær og omfattande bruk av bemanningsbyrå. Det var dyrt.

Men etter at Laila Grønn-Jensen overtok ansvaret i februar 2023 har utgiftene berre gått éin veg: ned. I fjor brukte kommunen 4,5 millionar kroner på barnevernet – ein reduksjon på 53 prosent på to år.

Viktig å førebyggja

– Kva er forklaringa?

– Eg har bygd opp ei teneste som ikkje er basert på konsulentbruk, men på stabilitet og faste stillingar. Ei teneste der me utnyttar ressursane best mogeleg, og satsar på førebygging, er langt rimelegare enn det Samnanger hadde då eg kom hit, seier Laila Grønn-Jensen til Samningen.

Arbeidsmengda til det lokale barnevernet er relativt stabil. «Tal på barn som har oppfølging frå barnevernstenesta skil seg ikkje merkbart frå resten av fylket eller landet», skriv Grønn-
Jensen i tilstandsrapporten for 2025. Då mottok dei tilsette 37 bekymringsmeldingar. Fleire av meldingane gjaldt same person. Per desember hadde barnevernet mellom 16 og 20 aktive saker.

Gjev hjelp i heimen

Eit sentralt trekk ved dagens barnevern i Samnanger er at stadig fleire born får hjelp i heimen, eller i det nære nettverket, framfor å hamna i fosterheim eller institusjon.

– I løpet av dei tre åra eg har vore her, har me ikkje hatt ei einaste omsorgsovertaking. Å hjelpa med rettleiing, støtte og tiltak på eit tidleg stadium er som regel nok til å løysa problema. Det er også svært mykje rimelegare enn å betala for fosterheims- og institusjonsplassar, seier Laila Grønn-Jensen.

– Men dersom det dukkar opp saker som handlar om vald, rus og overgrep, krev det eit anna handlingsmønster. Då får me gjerne behov for tiltak som inneber høge kostnader. Det må kommunen handtera, legg ho til.

Ei viktig oppgåve for dei tilsette har vore å opparbeida tillit. Ikkje minst etter det som skjedde i Samnanger i 2013.

– Eg opplevde at mange var svært skeptiske til barnevernet då eg kom hit. Difor har det vore viktig å bruka tid på samarbeid med barnehagar, skular og familiar for å få folk til å forstå at me er her for å hjelpa. Ved å koma tidleg inn i prosessen kan me unngå at det vert behov for å ta barnet ut or heimen. I staden samarbeider me med både barn og foreldre om å finna andre løysingar, seier Laila Grønn-Jensen.

– I dei fleste sakene me jobbar med no, er det faktisk familiane sjølve som har teke kontakt, fortel ho.

Vektlegg gode verdiar

Etter mange år som leiar for barnevernet i Øygarden, og no tre år i Samnanger, har Laila Grønn-Jensen bestemt seg for at ho vil arbeida «på golvet». I førre månad sa ho seg opp.

– No skal eg nordover og arbeida som saksbehandlar for fosterheimar på Helgelandskysten. Det er ikkje fordi eg mistrivst i Samnanger, men fordi det passar i familiesituasjonen min, fortel ho.

Grønn-Jensen synest at ho har vorte svært godt motteken av både administrasjon og politik-
arar i Samnanger, og fortel at ho gjerne skulle ha halde fram. Det skal ho på sett og vis også.

– Det neste halvåret skal eg fortsetja i ei ti prosent stilling for å hjelpa til med råd og rettleiing – fram til ein ny barnevernsleiar er på plass, seier Grønn-Jensen.

– Kva etterlet du deg når du forlét Samnanger?

– Eg håpar at eg gjev frå meg eit barnevern som er tufta på gode verdiar, høg kvalitet og jakt etter ny kunnskap. Me kan ikkje koma inn med ferdige løysingar når nokon har problem, men må samarbeida med både born, unge og foreldre i kvar enkelt sak. Kvar einaste familie lærer oss noko nytt. Det håpar eg at barnevernet i Samnanger vil ta med seg vidare, avsluttar Laila Grønn-Jensen.

Har fått kommunen til å gå nye vegar

Å driva ei barnevernsteneste med berre tre tilsette er sårbart. Dét har den avtroppande barnevernsleiaren funne ei løysing på.

Vertskommunesamarbeid er ofte svaret når små kommunar skal handtera store oppgåver. Då tek ein kommune på seg ei styrande rolle. Slik er det ikkje når barnevernstenestene i Samnanger, Austevoll, Tysnes og Ulvik samarbeider. Dei står fullt og heilt på eigne bein, men har skapt eit nettverk der dei kan diskutera utfordringar og gje kvarandre hjelp når det trengst.

Støttar kvarandre

«Små saman» er namnet på samarbeidet der dei fire barnevernskontora kan dra nytte av kompetansen hos kvarandre. Er barnevernsleiaren i éin av kommunane borte frå jobb, skal dei andre informerast, slik at dei kan vera til støtte for det kontoret som har redusert bemanning.

Gjev hjelp

Men dette er ikkje den einaste nyvinninga Laila Grønn-Jensen etterlet seg. Ho har også drege i gang Samnangerhjelpa – eit lågterskeltilbod der dei tre tilsette i barnevernet deltek i førebyggjande arbeid med born, ungdom, gravide og familiar.

– Målet er å gje råd og rettleiing tidleg – før utfordringane vert vanskelege å handtera, seier Laila Grønn-Jensen.

Får hjelp til å finna ny barnevernsleiar