Sjukefråværet blant dei tilsette i Samnanger kommune var på 9,63 prosent i fjor. Det er det høgaste på mange år.
Ei oversikt som økonomisjef Karl Viken la fram for formannskapet sist veke viser at sjukefråværet i fjor var det høgaste sidan 2020. Utviklinga gjekk rett veg i perioden 2022 – 2024, men fråværet fekk eit hopp i 2025. Då gjekk langtidsfråværet opp frå 5,33 til 7,08 prosent, medan korttidsfråværet gjekk noko ned.
Med i overkant av 200 årsverk i kommunen utgjorde sjukefråværet nesten 20 årsverk.

