Samnanger barneskule var éin av sytten skular i Noreg som blei nominerte til den gjeve prisen, og det måtte sjølvsagt feirast. Sist fredag var heile skulen samla i gymsalen.
– Elevrådsleiar Alina Skår Foss og nestleiar Embla Antonie Hope var konferansierar og leia oss trygt gjennom eit flott program. Elevar på ulike trinn framførte dans, song, speling, diktlesing og rollespel, fortel rektor Eli Kristin Berge.
Ros frå Statsforvaltaren
På den høgtidelege samlinga var også Anne Boge frå Statsforvaltaren i Vestland til stades. Ho delte ut diplom og roste skulen for arbeidet deira med å setja fokus på inkludering og likeverd.
Også Samnanger-ordførar Karl Kollbotn feira dagen i lag med små og store.
– Han heldt ein tale der han rosa skulen for det gode arbeidet me gjer, og understreka at elevane er framtida til kommunen og at ein god oppvekst er viktig, opplyser rektor.
Dronning Sonjas skulepris
- Hennar Majestet Dronning Sonja tok initiativ til skuleprisen for inkludering og likeverd i 2005.
- Prisen blir delt ut annakvart år, og første gong var i 2006.
- Skular som jobbar godt og systematisk med likeverd og inkludering kan søkja på prisen.
- Per i dag er det 2692 grunnskular i Noreg og Samnanger barneskule var blant dei sytten nominerte frå heile landet i 2025. Skulen var éin av fire nominerte i Vestland.

