Kart som visar klubbane i 7. divisjon avdeling 3 i 2026-sesongen.
KORTARE AVSTANDAR: Med fleire lag i og rundt Bergen denne sesongen blir det mindre reising på a-laget til Samnanger, samanlikna med i fjor. FOTO: Martin Myrvold, OpenStreetMap

Avdelingsoppsettet er klart:

No er det duka for nye lokaloppgjer

Måndag publiserte fotballkrinsen oppsettet for dei fem avdelingane i 7. divisjon. Samnanger er plassert i avdeling tre, der dei møter både tidlegare lagkameratar og motstandarar frå nabokommunen.

Vaksdal har meldt på eit andrelag denne sesongen, og laget vil i utgangspunktet bestå av yngre spelarar. For hovudtrenar Daniel Tveiterås Knutsen blir det eit gjensyn med gamleklubben: 

– Det blir veldig spennande. Me veit ikkje så mykje om kva dei kjem med, men me har planlagt ein treningskamp mot dei neste onsdag. Eg er litt usikker på om det er same Vaksdal-laget som startar og avsluttar sesongen, men all honnør til Vaksdal dersom dei klarer å etablera eit andrelag.

– All honnør til Vaksdal dersom dei klarer å etablera eit andrelag, seier Daniel Tveiterås Knutsen.

Avdelinga

Samnanger har hamna i ei avdeling med mange bergenslag. Bortsett frå Eldar, Vaksdal 2 og Osterøy 2, kjem alle dei andre laga frå Bergen. 

– Det første me legg merke til er at det er veldig mange nye lag, og fleire i og rundt Bergen, seier hovudtrenaren. 

I fjor var Rosendal den bortearenaen som låg lengst frå Samnanger. Denne sesongen blir avstanden noko lengre når laget skal møta Eldar, som held til på Vossestrand. 

– Borteturar er alltid kjekt. Eldar er eit lag me veit svært lite om, men dei gongene me har møtt ungdomslaga deira opp gjennom åra, har dei ofte fysisk sterke spelarar. Eg reknar med at det blir to tøffe, fysiske bataljar.

Sterkast på papiret

Når det gjeld opprykksfavorittar, er hovudtrenaren klar: 

– Osterøy 2 hadde ein veldig god haustsesong i fjor, sjølv om dei rykka ned. Baune 3 er gode, og så har du Fri, som me nok reknar med blir den tøffaste motstandaren, analyserer han. 

For Tveiterås Knutsen blir det òg eit gjensyn med tidlegare trenarkollega Sander Halland Waage, som no spelar på Fri. 

– Det blir hyggelege gjensyn med både Sander og Aleksander Strøm, som begge har meldt overgang frå oss til Fri, seier han. 

FRÅ KOLLEGA TIL RIVAL: Samnanger-trenar Daniel Tveiterås Knutsen (t.v.) får eit gjensyn
i år med trenarkollegaen frå i fjor, Sander Halland Waage, som no spelar i Fri. FOTO: Arkivfoto

Ny keeper på veg inn

Samnanger er òg på veg til å styrka målvaktposisjonen med ein keeper som har 4. divisjonserfaring frå Arna-Bjørnar. 

– Tobias Mokleiv har trent med oss i det siste, og han kjem til å signera for oss. Med Tobias får me ein autoritær keeper som er god på strek og kan styra forsvaret, seier hovudtrenaren.

– Med Tobias og Oskar Flaktveit Holmseng, pluss eit par unge keeperar, har me eit godt keeperteam, seier Daniel Tveiterås Knutsen

Komande treningskampar

Samnanger har planlagt to treningskampar: mot Vaksdal 2 onsdag 25. februar og mot Ørnen 2 laurdag 7. mars. Seriestart for 7. divisjon er planlagt til helga 10.–12. april.