For svært mange er tysdagen sett av til fast trening. Det er mange grupper, og eg skal her nemna to.
I gymsalen på gamle Nordbygda skule, som no er Vassloppa barnehage, er det to grupper som trenar kvar tysdag. Kl. 18: lågterskel styrke og kl. 19: styrke og kondis.
Begge gruppene er leia av vår fantastiske trenar, Inger Gro Lien. Ho er blid, dyktig og engasjerande, og pusjar oss godt. Likevel kan alle gjera øvingane slik den enkelte klarar.
Inger Gro driv dette utan godtgjerdsle, og treninga er gratis og open for alle. Me er så takknemlege for Inger Gro sin innsats. Ho fyller bilen med vekter i alle storleikar, og kjem seg så vidt opp bakkane til Steintveit med lasta. For vektene må heim, så treningsentusiasten kan trena i garasjen kvar dag. Ho er litt av eit førebilete!
Folka som går på treningane er i alle aldrar. På guppa for styrke og kondis er nokre i 20-åra, så mange litt vaksnare og eldstemann er no den spreke Sigbjørn på 76 år! Ja, me er mest damer, så alle menn som startar vert godt mottekne. Det er berre å stilla opp.
Frammøtet er stabilt, men var ekstra stort sist veke. På første gruppa var det 16 personar. På andre gruppa var det 29 damer og menn. Då var det mindre kvadratmeter pr. person enn dei 3-5 m2 ei ku i lausdriftsfjøs skal ha. Me var einige i at no hastar det med å få opp den nye store hallen. Midlertidig håpar me å få plass i gymsalen på ungdomsskulen. Held det fram slik, må me snart setja opp venteliste.
Inger Gro starta opp med tilbod om trening i januar 2022 og mellom 10 og 20 deltok. Om våren og hausten har me utetrening. Det er herleg og då er det plass til mange.
Treninga gjer godt både for kropp og psyke. Med oppvarming til Jan Teigen sin «Optimist» forsvinn trøttleik. Me syng med, smiler og ler. Ja, me er ein humørfylt flokk som inspirerer kvarandre. Her blir kvar enkelt sett. Eg veit eg har heile gjengen med når eg seier: «Tusen takk for gode og kjekke treningstimar, Inger Gro».
Etter treninga kl 19 er det nokre av oss som går og badar i sjøen og tek badstove på Bjørkheim. No er det kaldt, men nydeleg å koma inn i varm badstove etterpå. Takk til dei som bygde og driv denne! Førre tysdag var det -8 grader i lufta og -2 grader i vatnet. Likevel klarte fem personar å bada!
Til slutt vil eg utfordra alle dei andre treningsgruppene for vaksne i Samnanger til å skriva litt i Samningen om sine opplegg. Eg tenkjer på Tausatrimmen, Seniordansen, Onsdagstrimmen ute på Bjørkheim, Trening på Samnangerheimen, Sterk og stødig med ulike nivå og kanskje endå fleire.
God trening til oss alle!

