VIKTIG MOGLEGHEIT: Samnanger Faith Academy har 300 elevar og 21 tilsette. Skulen gjev eit tilbod til dei som ikkje alltid kan betala skulepengar frå månad til månad. Her frå ein ekskursjon for elevane på 3. til 7. trinn.
VIKTIG MOGLEGHEIT: Samnanger Faith Academy har 300 elevar og 21 tilsette. Skulen gjev eit tilbod til dei som ikkje alltid kan betala skulepengar frå månad til månad. Her frå ein ekskursjon for elevane på 3. til 7. trinn. FOTO: SamZam

Kjempar for å redda Samnanger Faith Academy

SamZam må kjøpa noverande skulebygg for å kunna driva skulen for fattige born vidare. Difor har dei starta ein spleis. – Vert skulen lagt ned, betyr det 300 fleire born på gata i Lusaka, understrekar styreleiar Hilde M. Aarvik.

KJEMPAR FOR SKULEN: Samningen Hilde M. Aarvik er styreleiar i SamZam, og har besøkt skulen i Lusaka fleire gonger. No jobbar ho for å redda tilbodet. Her saman med eleven Sanford Munakaila. FOTO: SamZam

Samnanger Faith Academy starta opp våren 2010. Skulen, som tilbyr skulegang til fattige born i slummen i Lusaka, vert drifta gjennom SamZam-prosjektet, eit samarbeid mellom Samnanger og Zambia. Det byrja som ein liten skule med ti elevar, men har vakse seg til ein grunnskule med 300 elevar og 21 tilsette.

– Skulen følgjer nasjonale retningslinjer og pensum, og gjev den same utdanninga som andre elevar på offentlege og private skular i landet får. Forskjellen er at hos oss vert ikkje elevane jaga vekk dersom dei ikkje kan betala skulepengar, forklarar styreleiar i SamZam, Hilde M. Aarvik.

– Dei fleste av elevane er foreldrelause. Det har vore eit stort fråfall i foreldregenerasjonen i landet på grunn av HIV. Mange av desse borna endar opp hos slektningar, naboar eller vener av foreldra, men då stiller dei sist i køen når det kjem til skulegang. Det gjeld særleg jentene, fordi familiar med mange born prioriterer dei eldste gutane. Det er mykje vaksenopplæring i Zambia. Særleg ein del kvinner må gjerne gå på kveldsskule i årevis.

Treng støtte
Rett før jul vart framtida til Samnanger Faith Academy brått usikker. No skal nemleg eigarane selja bygget der skulen held til.

– Det er ein utanlandsk kjøpar som heller vil starta overnattingsverksemd der. Me har undersøkt andre moglegheiter, men det er ingen alternativ i nærleiken, fortel Aarvik.

– Eigarane arva bygget etter far sin, som dreiv skule der tidlegare. Dei ønskjer å heidra minnet hans ved å halda fram med skulen. Difor har dei gått ned i pris for oss. Me har fått eit tilbod som tilsvarar 900.000 norske kroner. Det må me prøva å få til.

SamZam oppretta dermed eit spleiselag via SpareBank 1 sin spleis.no. Der samlar dei inn pengar til å betala første avdrag på kjøp av eigedommen. Summen på 250.000 kroner må betalast i løpet av denne månaden. Resten av pengane får SamZam to år på å skaffa.

– Men me vil sjølvsagt få betalt det ned så fort som mogleg, seier Aarvik.

Kan hamna på gata
På tysdag hadde SamZam fått inn 63.260 kroner frå 101 gjevarar. Det er omtrent ein fjerdedel av det dei treng i første omgang.

– Me har også teke kontakt med moglege sponsorarar. Der har me fått ei gåve på 20.000 kroner så langt. I tillegg har me fått nokre løfte om mogleg støtte seinare. Me kjem også til å søkja støtte hos ulike instansar i Noreg, men den får me ikkje i løpet av januar, opplyser Aarvik.

UTDANNING BETYR MYKJE: Samnanger Faith Academy ligg i den fattige bydelen Kanyama i Zambias hovudstad Lusaka. FOTO: SamZam

Ho understrekar at denne innsamlinga berre er for å kunna kjøpa bygget og driva skulen vidare. Utanom får SamZam støtte frå faste gjevarar og gjennom ulike innsamlingar. Dei pengane går til drift av skulen, mellom anna skulepengar, løn, husleige og skulemateriell.

– Me har aldri hatt ein spleis før, men dette er ein skjebnesvanger og skikkeleg skummel situasjon for oss. Alle bidrag betyr svært mykje. SamZam er utruleg takksam for alle som vil støtta spleisen vår.

Den vidare skjebnen til skulen kan vera avgjerande for ein del born i Lusaka, framhevar Aarvik.

– Vert skulen lagt ned, betyr det mange fleire born på gata. Det treng ikkje byen. Vegen er dessverre kort til rusmisbruk, kriminalitet og prostitusjon. Utdanning er den einaste vegen ut av fattigdom og slike skjebnar.

  • Om du vil støtta skulen, går du inn på spleis.no og søkjer opp SamZam.

SamZam-prosjektet har vakse seg stort