Før jul gav kommunestyret grønt lys til å lysa ut konkurranse om totalentreprise for ny brannstasjon. Det er rådmannen som skal evaluera tilboda og inngå kontrakt innanfor den økonomiske ramma på 50 millionar kroner (inkl. mva). Øyvind Strømmen (MDG) fekk alle dei folkevalde med seg på at kommunestyret eller formannskapet får saka tilbake før ei eventuell avlysing av konkurransen, dersom det vert vurdert. I følgje rådmannen kan ikkje oppdatert budsjett fastsetjast før kommunen har motteke reelle tilbod frå marknaden. Det endelege kostnadsbiletet vert først kjent etter gjennomført konkurranse.

SPENTE PÅ PRISEN: Eitt av elementa som kan få stor innverknad på kostnaden med å byggja ny brannstasjon, er den høge muren som må reisast mot Fv49. FOTO: Skisse ABO
Ein del interessentar
Prosjektet ligg no ute på anbod hos Doffin, databasen for offentlege innkjøp, opplyser Veronika Skiftesvik Natås. Kommunen ønskjer seg ein nøktern, enkel og funksjonell stasjon som stettar alle krav innan TEK17, DSB og frå Arbeidstilsynet. Konkurransegrunnlaget er delt i ein kontraktuell del og ein teknisk del. Sistnemnde omfattar romprogram, energi- og miljøkrav, krav til universell utforming, krav til rein og urein sone, treningsrom og gode logistikkløysingar.
– Me hadde tilbodssynfaring på måndag. Åtte-ni entreprenørar møtte opp. Me veit ikkje om alle dei leverer inn tilbod, men eg reknar med at me får ein del, seier kommunalsjefen.
Tilboda som kjem inn vert vurderte etter fire prioriterte kriterium: 1) pris, 2) løysingsskildring og planløysing, 3) kvalitet og tekniske løysingar og 4) framdrift. Tilbodsfristen er 2. mars, og det er planlagt evaluering og tildeling i mars-april, med mogleg kontraktsignering og oppstart i april eller mai. Kommunestyret vil bli orientert når konkurransen er avslutta og kontrakt er signert, mellom anna om vald leverandør og planlagd byggjestart. Byggjetida er venta å vera om lag eitt år frå det er gjeve igangsetjingsløyve.

INTERESSE: – Åtte – ni entreprenørar var med på tilbodssynfaringa måndag, men me veit ikkje om alle dei leverer inn tilbod, seier kommunalsjef for samfunnsutvikling, Veronika Skiftesvik Natås. FOTO: Arkiv
Totalentreprise
Rådmannen vurderte fleire måtar å gå ut i marknaden på. Konklusjonen vart at totalentreprise utan ferdige teikningar gjev kommunen best balanse mellom kvalitet, risiko og kostnadskontroll. Det er då entreprenøren som får ansvar for både prosjektering og bygging. Kommunen fastset funksjonskrav og rammer, medan entreprenøren tek det samla ansvaret for å levera eit bygg som tilfredsstiller alle krav til kvalitet, tryggleik og funksjon. Entreprenøren må prosjektera løysingar som held seg innanfor reguleringsplanen for tomta. Der er det føringar for mellom anna avkøyrsle, høgder og byggjegrenser.
– No vert det opp til dei ulike aktørane å koma med sine løysingar. Det gjev moglegheit til å få meir innovative og kreative forslag, der me kan få meir enn me såg for oss. Men det aller viktigaste er at me får ein formålstenleg brannstasjon som vert godkjent av Arbeidstilsynet, og som gjev gode forhold til brannfolka, forklarar kommunalsjef Natås.

