SNART JUL: – Tusen takk til vertskapet som lagar i stand denne førjulskosen til glede for mange, skriv S. K. Vassenden i dette leserinnlegget.
SNART JUL: – Tusen takk til vertskapet som lagar i stand denne førjulskosen til glede for mange, skriv S. K. Vassenden i dette leserinnlegget. FOTO: Privat

Lesarinnlegg:

Førjulskos i Grønsdalen

Det å koma til det gamle skulehuset i Grønsdalen – det er å koma i julestemning.

Fine pynta skulestover med levande lys i alle vindauga, raude dukar, granbar i blomsterpotter og fin pynt på borda. Dempa julemusikk i bakgrunnen. Det er dette som er førjulskos.

På laurdag var det gjort klart for juleverkstad i den eine stova. Her kunne dei små finna alt dei trong for å laga ulike ting.

Kreativiteten var stor. Her blei laga alt frå lenker og stjerner til mindre bordpynt. Borna storkosa seg. Eit fint pynta juletre fekk etter kvart endå meir pynt.

Og så vart det servert gløgg og julebrødskiver. Ein kunne ikkje ha det betre!

I år var det ingen snø å boltra seg i, slik det var sist det var førjulstreff. Men kva gjer vel det når kosen er innomhus?

Tusen takk til vertskapet som lagar i stand denne førjulskosen til glede for mange.

Takk for eit flott initiativ.

S. K. Vassenden