MEININGSFULL KVARDAG: Samnanger sine to helserekruttar, Joachim Nilsen (i midten) og Jan Ove Solberg (t.h.) trivst svært godt i praksis på Samnangerheimen. Kjetil Kvidahl, fylkeskoordinator for «Menn i helse» i Vestland, ønskjer fleire samnangermenn velkomne til å ta helsefagarbeidarutdanninga via prosjektet.
MEININGSFULL KVARDAG: Samnanger sine to helserekruttar, Joachim Nilsen (i midten) og Jan Ove Solberg (t.h.) trivst svært godt i praksis på Samnangerheimen. Kjetil Kvidahl, fylkeskoordinator for «Menn i helse» i Vestland, ønskjer fleire samnangermenn velkomne til å ta helsefagarbeidarutdanninga via prosjektet. FOTO: Marianne A. Reistad

To som har valt å gå ein heilt ny veg

Menn er mangelvare innan helsesektoren. Prosjektet «Menn i helse» gjev dei som av ulike grunnar har falle utanfor arbeidslivet sjansen til å ta fagbrev som helsefagarbeidar.

– Det er ei gåve å få denne moglegheita, seier Jan Ove Solberg (43).

– Ja, det er eigentleg ein draum. Viss du er arbeidsledig og kjem innanfor dette prosjektet, har du jobb livet ut, legg Joachim Nilsen (31) til.

Gullbilletten
Tilbakemeldingane frå dei to som utgjer det aller første kullet helserekruttar i Samnanger kommune, varmar Kjetil Kvidahl. Han er fylkeskoordinator for «Menn i helse» i Vestland, eit prosjekt som jobbar for å få fleire menn inn i helsesektoren.

– Det er veldig kjekt å høyra at dei er så fornøgde. Me kallar dette ein gullbillett – og studentane våre får heilt konkret ein gullbillett når dei startar opp. Så blir det opp til kvar enkelt korleis dei tek vare på denne moglegheita, kommenterer han.

Vestland er det største fylket i landet innan prosjektet og har per i dag 43 studentar.

– Ei fin tilfeldigheit
Joachim Nilsen og Jan Ove Solberg er for tida i praksis på Samnangerheimen. Dei starta utdanninga si i april i år, og har rundt to år igjen før fagbrevet er i hamn. Ingen av dei har jobba i helsesektoren tidlegare.

– Eg var CNC-operatør innan stålindustrien før. At eg fekk lyst til å jobba i helsesektoren har samanheng med at eg har hjelpt farmora mi å handla gjennom fleire år, og eg har opplevd at det er noko som gjev meg glede, fortel Joachim.

Jan Ove skada armen i jobben han hadde som varmepumpe-montør, og syntest det var vanskeleg å vita kva retning han skulle ta vidare.

– Rettleiaren min hos NAV meinte eg var flink til å jobba med menneske, og så blei eg tipsa om prosjektet til Kjetil. Så dette var vel ei tilfeldigheit, men ei veldig fin tilfeldigheit, konstaterer han.

Miks av teori og praksis
Helsefagarbeidarstudiet er ei blanding av teoretisk og praktisk opplæring. Studentane vekslar mellom å vera tre veker på skulen og fire veker i praksis. I praksisperiodane jobbar dei på ulike avdelingar på sjukeheimen frå gong til gong. Dei er òg på Skottabakken bufellesskap.

– Kva er kjekkast, teori eller praksis?

– Eg føretrekkjer praksis. Eg synest det er lettare å læra når eg ser korleis ting skal gjerast, seier Joachim.

Jan Ove opplever begge delar som fint.

– Eg gler meg til å gå i praksis når eg har vore på skulen – og omvendt.

– Utdanningsløpet er tilpassa vaksne, og me har fokus på at dei heile tida skal ha ting å hengja teorien på, legg Kjetil til.

Dei gode stundene
Praksisperiodane har så langt vore både kjekke, lærerike og krevjande, oppsummerer dei to studentane.

– I byrjinga var det overveldande, og eg syntest det var veldig vanskeleg. Særleg det å hugsa rutinar og alt som har med hygiene å gjera. Men så set det seg meir og meir etter kvart. Det eg likar best når eg er på jobb, er å snakka med bebuarane. Og så set eg pris på at det er godt og varmt her; eg har jobba på verkstad tidlegare, og det var kaldt om vinteren, seier Joachim med eit smil.

– Det har vore veldig gjevande på ein ny måte. Kona mi seier at ho merkar ein forskjell når eg kjem heim frå jobb no. Eg blir glad av dette. Det finaste er når ein får desse gode stundene, når me går ein tur med pasientane, spelar spel eller har samtalar rundt bordet – eller når eg gjer ting i lag med dei som bur i bufellesskapet. Dette er gode opplevingar som eg kjenner heng lenge i hos meg etterpå, seier Jan Ove og held fram:

– Det eg opplever som utfordrande er når ein ikkje får utretta dei fina tinga. Då får eg dårleg samvit. Eg synest også det kan vera krevjande å skulle vera den dei treng. Dette handlar mykje om kommunikasjon, og er noko ein må øva på. Det kjem seg med kjennskap og kunnskap.

Avkreftar myter
– Har noko gjort ekstra inntrykk eller vore annleis enn de hadde førestilt dykk?

– Humoren, sjølvironien og det gode humøret til bebuarane her på sjukeheimen har overraska meg. Det gjer også inntrykk når nokon går bort. Då tenkjer eg «å, nei!». Me er saman med bebuarane mange timar kvar dag og blir godt kjende, seier Jan Ove.

– At yrket var mykje lettare enn eg trudde, syntest eg var overraskande. Me har mange gode hjelpemiddel, legg Joachim til.

– Det er viktig at du seier det. Det er nokre myter om helsevesenet, mellom anna dette med at det er så fysisk tungt, skyt Kjetil inn.

Jan Ove fortel at han framleis slit med nerveskadar i den eine armen, men det avgrensar han ikkje i arbeidet på sjukeheimen.

– Å jobba innan helse er ikkje fysisk tungt på same måten som å skru heile dagen. Eg fungerer veldig godt i denne jobben, trass i armen.

Viktig å bety noko
For Jan Ove sin del var det også noko heilt anna som blei annleis enn han hadde frykta.

– Eg har sprøyteskrekk og var redd eg måtte gå ut av rommet når det skulle setjast sprøyter. Men eg har ikkje kjent på dette ein einaste gong etter at eg kom ut i praksis. Det har overraska meg veldig.

Begge dei to studentane føler at dei gjorde eit riktig val då dei bestemte seg for å satsa på ei utdanning innan helsesektoren.

– Alle vil jo føla at dei betyr noko, og i dette yrket har me ein enorm betydning, konkluderer Jan Ove.

No er «Menn i helse» i gang med å rekruttera til neste årskull.

– Den 26. januar skal det vera informasjonsmøte på Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen. Der vil det vera helserekruttar til stades som fortel sine historier. Me håpar på fleire kandidatar frå Samnanger, seier Kjetil Kvidahl.

Håpar på smitteeffekt
Å få fleire menn inn i helsesektoren er viktig både for arbeidsmiljøet og pasientane, påpeikar einingsleiar for helse og omsorg i kommunen, Janne Drevsjø, og fagsjukepleiar Kjersti Herland Liøen.

– Joachim og Jan Ove er to av svært få, og me har behov for fleire. Menn har gjerne ein annan måte å tenkja på, og eg trur pasientane set pris på at me har tilsette av begge kjønn, seier Kjersti Herland Liøen.

Generelt er det viktig å utdanna fleire helsearbeidarar, og det er den største motivasjonen til Samnanger kommune for å vera med i prosjektet, opplyser Janne Drevsjø.

– Me treng folk med kompetanse, fleire hender til å hjelpa. Eg trur også at det kan ha ein smitteeffekt viss det begynner fleire menn her på heimen, og dei fortel til andre at dette er ein veldig kjekk arbeidsplass, legg ho til.

Per i dag er det ingen menn tilsett i faste stillingar på sjukeheimen, men dei har nokre mannlege helgevikarar. På Skottabakken bufellesskap er det éin mann i fast stilling.

-Har du lyst til å verta ein alle vil ha?

«Menn i helse»

  • Eit nasjonalt prosjekt som blei starta opp i 2010.
  • Blir drive av KS (Kommunesektorens interesseorganisasjon), og er eit samarbeid mellom kommunar, NAV, fylkeskommunen og Helsedirektoratet.
  • Jobbar for å få fleire menn inn i helsevesenet
  • Prosjektet er for arbeidsledige menn med ytingar frå NAV i aldersgruppa ca 20-55 år
  • Hovudkriteriet for å delta er at ein er omsorgsfull og likar å jobba med menneske
  • Over 1700 helserekruttar har teke fagbrev gjennom «Menn i helse».
  • Ni av ti av som har teke fagbrev har fått ein relevant jobb innan helsesektoren.
  • Samnanger kom med i prosjektet i 2024 og det første kullet starta opp våren 2025.