happy teenage friends with smartphones outdoors
FOTO: Illustrasjon Scanstockphoto

Debatt:

Barndom på lydlaus?

Kva om vi tok merksemda like alvorleg som lufta vi pustar i – ikkje som noko vi eig, men som noko vi deler?

Det er vanskeleg å skrive dette, fordi eg sjølv er vevd inn i det eg prøver å skildre. Utfordringa eg vil setje ord på, ligg ikkje utanfor meg, men både rundt og inni meg – usynleg, men altomfattande. Den konstante tilkoplinga som påverkar, formar og fyller kvar krok av tilværet. Eg slit med å koble av lenge nok til å sjå klart. Det er få ting eg veit er så problematiske, men som eg likevel nyttar, treng – og på eit vis forsvarar – dagleg. Den siste tida har eg kjent eit sterkt behov for å utfordre eigen passivitet. Kanskje fordi eg ser kor snart borna mine vil vekse inn i den digitale verda av jag, uro og distraksjon.

Forsking viser korleis store delar av den digitale infrastrukturen er designa for å spele på psykologien vår: Han utnyttar belønningssystem, triggar emosjonar og driv dopaminløkker som bind merksemda vår fast. Algoritmane er skapte for å forsterke sinne, sjokk og frykt. Born og vaksne blir dregne djupare inn i innhald som stadig blir meir ekstremt, vanedannande og urovekkjande. Men det handlar ikkje berre om kva teknologien gir, kanskje endå meir om kva han stille tek frå oss: kvile og ro, kjedsamheit og stillstand, leik og nærvær – den langsame utfaldinga som barndomen treng.

Smarttelefonen skil seg frå andre skjermar – han er ikkje berre noko vi ser på, men noko som ser tilbake. Alltid på, alltid nær; han følgjer oss på do, under puta, dirrande i lomma og fangar merksemda med slik presisjon at ingen av oss er heilt upåverka. Born blir dregne ut i bølgjene lenge før dei kan symje.

Den stille normaliseringa av born og smarttelefonen er eit uunngåeleg resultat av dei underliggjande kreftene som bur i denne telefonen – dei same kreftene som gjer han uimotståeleg. Han riv ned skiljet mellom det som er offentleg og privat: vald, mobbing, trakassering, seksuelt innhald, våpen, krig, ekstremt innhald, provoserande materiale – alt ofte berre eit sveip unna for dei nysgjerrige (les: alle born). Dette handlar om å verne dei mest utsette – dei som enno ikkje har utvikla evna til å skjerme seg frå påverknad. På same måte som vaksinar vernar kroppen mot sjukdom, kan vi skjerme born frå dei skadelege effektane som smarttelefonen gjer mogleg.

Når eg ser born gå heim frå skulen, hovudet bøygd mot skjermen, kjenner eg på uro. Varslingar, klikk og flimring bryt ned roa og gjer tanken rastlaus – eit evig «no» der tolmod, leik og undring lett smuldrar bort. Simone Weil skreiv: «Attention is the rarest and purest form of generosity». Eg merkar det i meg sjølv: eg sjekkar, sveipar, gløymer. Eg ser det i fireåringen som lagar papirtelefonar og seier: «Vent litt, eg må ta denne!» Det er både komisk og knusande.

For ei veke sidan reiste ei gruppe foreldre og politikarar frå Samnanger til Os for å høyre eit innlegg om «digital barndom». Mange av oss gjekk heim med eit skjerpa blikk og ei stille, men uroleg kjensle av at noko må forandrast – at vi står midt i eit skifte som krev noko av oss alle. Når ein fyrst ser kor nært dette rører ved kvardagen vår, er det vanskeleg å sjå bort. Tala er for tydelege, konsekvensane for påtrengande og endringane for djupgåande.

Kva om merksemda til borna er like nødvendig som rein luft? Eit felles klima – der empati får puste og tankar får gro; små telefonfrie lommer i kvardagen, på vegen til og frå skulen, der born får vere i kontakt med verda rundt seg.

Smarttelefonen skil seg frå andre skjermar – han er ikkje berre noko vi ser på, men noko som ser tilbake.

Utfordringa smarttelefonen fører med seg, minner om røykelova. Då Noreg som pionér innførte røykeforbod på offentlege stader i 2004, handla det ikkje om moral, men om vern – retten til rein luft framfor retten til å røyke. No står vi framfor ei ny, usynleg forureining, som formar søvn, sjølvkjensle og kvilepuls. Born treng å utforske verda med kropp og blikk, ikkje tommel.

Tala er klåre: den psykiske helsa blant unge har rasa sidan smarttelefonen vart «allemanns-
eige». Men verda er i rørsle. Berre førre veke tok vår nære nabo Danmark eit modig steg: dei vil forby sosiale medium for born under femten. Det som før verka radikalt, blir no rekna som fornuft – ei erkjenning av at teknologien ikkje berre formar samfunnet, men endrar sjølve mennesket sitt vesen.

I Noreg ser vi eit vendepunkt: ein aukande politisk vilje til å ta tak i mobilbruken i skulen – ulike syn på korleis, men ein felles vilje om vern. Dette handlar om retten til eit uforstyrra sinn – grunnlaget for empati og psykisk helse. Lovverket fangar det ikkje enno, og difor treng vi eit fellesskap som dreg i same retning, i dei små mellomromma der vanar blir skapte. Tenk deg eit Samnanger der vi saman tek dette ansvaret. Skal vi bevare barndomen utan filter, må vi utforske nye måtar å leve utan smarttelefonen på – før standarden blir irreversibel.

Eg skriv som ein forelder som prøver å kjempe mot eiga håpløyse, fordi eg meiner det er mitt ansvar å ikkje møte denne utviklinga som noko uunngåeleg. Det trengst ikkje skuld eller skam, men eit felles løft for å skape eit alternativ – elles blir forsøka våre på avgrensing einsame og utan kraft.

Ironisk nok har eg oppretta ei Facebook-gruppe: Mindre skjerm. Meir barndom. Samnanger (på den plattforma eg prøver å stille spørsmål ved…). Men det er eit startpunkt. Dette rommet er ope for alle som, sjølv berre litt nysgjerrige, vil utforske og dele inspirasjon, verktøy og døme frå menneske og miljø som alt prøver ut nye tilnærmingar. Håpet mitt er at det blir ein stad for delt fantasi om kva som kan vekse vidare.