Tidlegare hadde kommunen skissert to inn- og utkøyringar – ei til ein parkeringsplass for personbilar, og ei for utrykking. Denne løysinga meinte fylkeskommunen og Statens vegvesen lett ville kunna føra til uheldige trafikkale situasjonar.
– Me har endra det til ei felles avkøyrsel mot Tyssevegen. Dei 20 parkeringsplassane for personbilar er no føreslått plassert aust for sjølve stasjonen. Parkeringa er skild frå utkøyringsområde. Me har måtta snu bygget for å få dette til, forklarar prosjektleiar i kommunen, Tone Tysseland Holmefjord.
– Sjølve løysinga for avkøyring er fastsett no. Det er ikkje noko me kan flytta på, legg ho til.
Til kommunestyret
Reguleringsplanen for tomta til den nye brannstasjonen vart tilrådd godkjent av eit samstemt formannskap førre torsdag. Planen går vidare til kommunestyret for endeleg vedtak 16. oktober.
– Deretter skal han liggja ute i 2-3 veker for eventuelle klager, men me håpar og trur jo at den vert godkjent, seier Holmefjord.
– Vidare no skal me beskriva sjølve innhaldet i brannstasjonen, både funksjonane og kvalitetane, basert på romprogrammet. Mellom anna gjeld det skilje mellom rein og skiten sone, treningsrom, møterom, dusjfasilitetar og kontor. Dette skal lysast ut i ein totalentreprise. Og så vert det opp til entreprenør å koma med forslag til teikningar av sjølve stasjonen. Dei kan føreslå storleik og utforming av romma utifrå det innhaldet me skal ha, forklarar prosjektleiaren.
Forslaget skal til ny politisk godkjenning i desember.
– Viss det då vert godkjent av kommunestyret, legg me prosjektet ut på anbod.