Samnanger kyrkjelyd har arrangert Alphakurs sidan 90-talet. Alphakurs er ei kursrekkje på 14 kurs, utvikla av Nicky Gumbel i Holy Trinity Bromton i London. Så langt i 2025 er det i Noreg åleine registrert heile 864 kurs.
Alphakurset har som overskrift: «Er det meir til livet enn dette?» Dette spørsmålet er det nok mange som stiller seg. På eit Alphakurs prøver me saman å finna svar på nokre av dei vanskelege spørsmåla i livet.
Ein kurskveld startar med eit felles måltid, så er det videoundervisning i ca. 20 minuttar før ein går i mindre grupper og samtaler om det ein har høyrt.
Alphakursa er for alle, særleg dei av oss som har fleire spørsmål enn svar. I haust startar eit nytt kurs, denne gongen både på norsk og russisk/ukrainsk. Kurset er eit samarbeid mellom kyrkje og bedehus, og det er gratis. Kom gjerne på Alphamiddag for å få meir informasjon. Sjå elles kyrkja si heimeside og lysing i Samningen.
