– Å sjå det store i det små har alltid interessert meg, seier Vidar Ramsli Rolland.
Han har halde på med både landskapsfotografering og makrofotografering gjennom mange år. For eit par-tre år sidan begynte han å ta bilete av fuglar.
– Det blei ei bratt læringskurve.
Dei vanlegaste artane kjende han frå før, men han oppdaga snart at dette er eit nærmast utømeleg felt for ein som vil læra seg noko nytt.
– Det er kjekt å gå ut og få meir og meir kunnskap. Fuglar er fascinerande skapningar – med utruleg vakre fargar. Det som imponerer meg mest er evna dei har til å navigera frå sør til nord og omvendt.

HUSVARM: Raudstrupen er ofte på besøk i hagen til Vidar. FOTO: Vidar Ramsli Rolland
Sjå opp!
Fuglefotograferinga har no blitt ein kjær hobby som han har veldig mykje glede av.
– Viss eg ser at lyset og vêret er ypperleg, drar eg jo ut.
– Kva skal til for å ta gode fuglebilete?
– Skal ein kika etter fuglar, må ein løfta blikket av og til. Dei sit gjerne i tre og kratt. Eg går roleg, og stoppar opp og lar fuglen bestemma om han vil koma nærare. Ein bør også ha eit kjapt kamera og ei grei telelinse. Godt utstyr er nok litt av yrkeshemmelegheita, så eg har oppdatert mitt.
Elles er det lurt å klargjera kameraet medan ein går, tipsar han.
– Eg tek gjerne ei lysmåling innimellom når eg er ute i naturen, slik at eg er førebudd. Det går ikkje an å redda eit halvgodt bilete i til dømes Photoshop i etterkant. Det einaste eg gjer av etterbehandling er å laga utsnitt og kanskje gjera bileta litt skarpare.
Tilfeldig blinkskot
Blant fuglane Vidar har fotografert er den vakre blåstrupen, som mange her på Vestlandet kanskje har til gode å få oppleva. Han opplyser at dette eigentleg ikkje ein sjeldan fugl, men det er ikkje alle stader i landet ein finn han.
– Det beste biletet av blåstrupen fekk eg ein gong eg ikkje var førebudd, seier han og fortel om ein tur på Hardangervidda i sommar.
– På veg heimover stoppa eg langs vegen for å eta nistepakka mi. Heldigvis tok eg kameraet med meg ut av bilen. Og så dukka plutseleg blåstrupen opp, berre nokre meter framfor meg.
Også under ein hyttetur til Femunden nokre veker seinare var fuglen ein flittig gjest i nærområdet.
– Der var det mykje blåstrupe rundt hytta, og han kom nesten heilt bort til trappa.

FULLTREFFAR: Ein flott blåstrupe fotografert på Hardangervidda i sommar. FOTO: Vidar Ramsli Rolland
Lokale motiv
Hardangervidda, Femunden og Fokstua på Dovrefjell er stader Vidar stadig vender tilbake til for å kika på fuglar. Nord-Noreg er også fint.
– Eg var så heldig at eg fekk tatt bilete av ein båndkorsnebb i Nord-Noreg ein gong. Den kjem eigentleg frå Russland, men dukkar opp i Noreg av og til. Båndkorsnebb har nebbet på kryss; det er spesialdesigna for å henta frø ut av til dømes grankongler eller lerkekongler.
På Vestlandet er både Herdla og Vinnesleiro gode plassar å reisa til for å oppleva fuglelivet. Men eigentleg treng ein ikkje reisa så langt.
– Eg liker godt å sjå etter fuglar her i Samnanger. Rolvsvåg er blitt mitt nye favorittområde. Eg går også mykje i Kvitingen. Langs Prestavegen er det óg veldig fint, men der er det mykje folk. Det merkar fuglane, så difor går eg gjerne på stader som er litt rolegare.
Favorittfuglen, som er fuglekongen, har han sett både på Ådland og i Rolvsvåg.
– Første gongen eg såg han var i Rolvsvåg. Fuglekongen er Noreg sin minste fugl. Han er veldig kjapp, sit nesten ikkje stille. Eg har fotografert han nokre få gonger, men har aldri blitt heilt fornøgd. Men det er jo også litt av sjarmen med fuglefotografering: Treff du ikkje éin gong, så gjer du det kanskje neste. Eg likar denne usikkerheita. Ho gjer at eg skjerpar meg litt.

VAKKER: «Sidensvansen har praktfulle raude og gule teikningar på vengjer og stjert, noko ingen annan norsk fugl har maken til», kan ein lese på Store norske leksikon sine nettsider. Denne er fotografert i Samnanger. FOTO: Vidar Ramsli Rolland
Fascinerande åtferd
Kameraet til Vidar er også flittig i bruk når han er heime på Gjerde.
– Mange av bileta tek eg her i hagen, ut gjennom vindauga eller frå bilen. Eg fôrar fuglane om vinteren. Om sommaren tek dei jo insekt.
Blant favorittane i hagen er raudstrupen. Til liks med slektningen blåstrupen er også dette ein tillitsfull fugl som ein kan koma relativt tett innpå. Når Vidar er ute i hagen, kan raudstrupen finna på å trippa hakk i hæl. Noko av det fascinerande med fuglar er åtferda til den einskilde arten, synest han.
– Om det kjem ein ny raudstrupe her i hagen, har han akkurat same åtferd som dei tidlegare har hatt, år etter år.
– Har du nokre spesielle fuglar på fuglebrettet av og til?
– Ja, eg har hatt munk. Og sidensvans.
– Kva er den mest sjeldne fuglen du har sett?
– Eg veit ikkje heilt… Men eg har fotografert ein sivsporv i Kvitingen.
Fugle-appar
– Det er ikkje alltid lett å sjå forskjell på dei ulike typane, legg han til.
Mellom anna er det utruleg mange meiser.
– Granmeis og lauvmeis, til dømes, kan vera veldig like. Det er kjekt når ein lærer seg å skilja dei ulike typane frå kvarandre. Og det kan vera lettare når ein tek bilete av dei, slik at ein kan forstørra det og sjå skikkeleg på fuglen etterpå.

SJELDANT SYN: Denne sivsporven har Vidar fotografert i Kvitingen. FOTO: Vidar Ramsli Rolland
Vidar er medlem i Birdlife Hordaland og fortel at det er mange ressurspersonar der som kan hjelpa om ein lurer på noko.
– Eg har gode kontaktar i miljøet som eg får tips og råd hos.
Ulike appar kan også vera nyttige om ein vil læra meir om fuglar, til dømes Artsorakel, som kjenner igjen bilete av artar, eller Merlin Bird ID som også identifiserer lyd.
– Ved hjelp av Merlin kan ein ta opp lyd og få vita kva fugl ein har i nærleiken. Lyden er elles ein av dei vanskelegaste identifikasjonane.

EIN DYKTIG FLYGAR: Kaie er ein art i kråkefamilien. Ho liknar den noko større kråka, men er nesten fullstendig svart og har grå nakke og kvitaktige auge. Kjelde: SNL. Denne er fotografert i Samnanger. FOTO: Vidar Ramsli Rolland

