Debatt:

La oss snakke mykje meir om alt som kan gå bra

I dag er kommunane sitt inntektssystem slik at kommunar som har høge skatteinntekter må gje frå seg noko til kommunar som har mindre, som til dømes Samnanger. Mister me inntekter ved at samningar pensjonerer seg, vil noko av tapet bli kompensert gjennom denne ordninga.  

Dette systemet er etablert for å sikra at same kor du bur i landet skal du ha tilgang på gode kommunale tenester, og er ein heilt vesentleg del av det solidariske fundamentet samfunnet vårt er bygd på. Ordninga kan også sjåast som ein del av totalforsvaret til Noreg. Og me veit at i åra som kjem vil det kome stor satsing på forsvaret, inkl. infrastruktur, som er ein heilt vesentleg del av det norske forsvaret.  

Knut Harald Frøland (BL). FOTO: Arkiv

Ingen parti stiller til val på å ta frå kommunane desse inntektene, og Samnanger tar ikkje stor risiko om me legg til grunn for vår økonomistyring at inntektssystemet vil vere stabilt i åra som kjem. Og det er akkurat dette rådmannen legg opp til i økonomiplanen.  

Staten har over mange år gjort forsøk på å ta frå kommunane inntekter frå lokalprodusert kraft. Og staten har gjort forsøk på å ta frå kommunane moglegheit til å skattlegge store kraftselskap gjennom eigedomsskatt. Her har staten måtte gje opp før, og staten kjem til å måtte gje opp igjen.  

Det er ikkje meir enn rett og rimeleg at dei kommunane som stiller naturressursane sine til nytte for storsamfunnet skal sitje att med nokre verdiar. Det er heller ikkje meir enn rett og rimeleg at Eviny og Statnett betalar eigedomsskatt på alle anlegga dei har i vår kommune når ein ser kor mykje pengar desse selskapa tener. Eviny og Statnett skattar som alle andre firma til staten. Eigedomsskatten er den einaste skatten næringslivet betalar til kommunen. Ingen parti stiller til val på å ta vekk ordninga med konsesjonskraft og eigedomsskatt. Me har god støtte frå LVK (Landssamanslutnaden for kraftkommunar, der også store kommunar er medlemmer), og Samnanger tar ikkje stor risiko om me legg til grunn for vår økonomistyring at me vil behalde desse inntektene i åra som kjem.  

Ei av våre viktigaste oppgåver i åra som kjem er å gjere tiltak som kan halde innbyggjartalet vårt oppe. Men om me i nokre år ikkje fullt ut skulle lukkast i dette arbeidet så treng det ikkje sjå mørkt ut. Inntektene kommunen har frå konsesjonskraft og eigedomsskatt er upåverka av innbyggjartalet. Og det skjer ikkje over natta at innbyggjartalet går ned. Dessutan, med færre innbyggjarar vil me ha lågare driftskostnader. Det er nettopp difor me mister inntekter frå staten. Ting skjer av ei årsak og kommunen har god tid til å omstille seg.  

For å unngå at me styrer kommuneøkonomien i grøfta må me sjølvsagt ha eit bevisst forhold til kva som kan gå gale. Samtidig må me unngå at mørklegging av den økonomiske framtida legg seg som ei politisk sanning. For mørklegginga som no skjer er basert på påstandar, eller at ein berre legg vekt på ein liten del av totalbiletet. Truleg vil dette gå heilt fint, og med god politisk styring treng me ikkje uroa oss. Det må me snakke mykje meir om.  

Vil prøva ut modell mot mobbing