Debatt:

KrF sine kjerneverdiar trengst meir enn nokon gong 

Det er tydeleg at folk ønskjer KrF- politikk. KrF sin bodskap er at den viktigaste jobben fram til valet er å løfta partiet slik at me får eit sterkt KrF som kan påverka politikken. Mange meiner at det trengst eit skifte her i landet. 

Medlemsauken sidan januar har no passert 1500 nye medlemmer. Det syner at mange ønskjer ei endring. 

Dei kristne verdiane i politikken vert sette fokus på i eit ope møte på biblioteket 18/8 (sjå annonse). 

Ingvill Kvalsnes Blom, 4. kandidat på stortingslista for KrF Hordaland, vert med. Ho er gruppeleiar for KrF i Øygarden og sentralstyremedlem for KrF kvinner. Ho arbeider som rektor i offentleg skule i Øygarden. 

Ho vil snakka meir om kjernesakene til partiet. Fire viktige tema ho vil fokusera på er: 1. Familien først, 2. Nei til narkotika, 3. Skapa verdiar og 4. Ein verdig alderdom. 

Det vert høve til meiningsutveksling og gode innspel. Uansett politisk ståstad, er du varmt velkomen!