Debatt:

Kraftutbygging, kraftinntekter og kommuneøkonomi

Noreg treng eit kraftløft, med auka produksjon av fornybar kraft og nettløysingar som sikrar kraft til det grøne skiftet med elektrifisering og nye industriinvesteringar. Vertskommunane som ofrar naturareal for kraftproduksjonen må då få forutsigbar kompensasjon for tilrettelegginga dei bidreg med. Slik regelverket er i dag, er ikkje dette tilfelle.

Det er omfattande planar om oppgradering av eldre vasskraftverk med utbygging av effekt- og pumpekraftverk også i Samnanger: Eviny planlegg to nye kraftverk – eit pumpekraftverk i Kvitingen og eit heilt nytt effektkraftverk. Pumpekraftverket skal nytta dagens kraftstasjon i Kvitingen der planen er å bruka Kvitingsvatnet som basseng for så og pumpa vatnet opp att i Svartavatnet og bruka vatnet på nytt. Effektkraftverket er nytt med inntak i Kvitingen og utløp i Samangerfjorden. (Til informasjon vil Eviny arrangera eit ope informasjonsmøte om desse planane etter sommaren).

KRITISK: Varaordførar Arild Røen (H) meiner regelverket for konsesjonskraft er uklart. FOTO: Arkiv

Dagens regelverk for å berekna konsesjonskraft som vertskommunane kan selja og få inntekter av, er som sagt ikkje tilpassa slike nye utbyggingar. I NOU 2023:3 uttalar Energikommisjonen at tilslutning frå kommunar der utbygging vil skje, er ein avgjerande føresetnad for å få gjennomført oppgraderingane, men at dagens vasskraftregime/regelverk ikkje er tilpassa dei oppgraderingane som no er under plalegging.

Som eksempel syner kommisjonen i kap 10.4.6 til at dagens reglar faktisk undergrev kommunen sin lovbestemte rett til konsesjonskraft. Frå å vera eit av grunnvilkåra som har bidrege til vertskommunen si tilslutning til nødvendige naturinngrep for ny vasskraft, fører dagens reglar (ifølge Thema Consulting) til at reine effektoppgraderingar av eldre (og nye) vasskraftverk påfører kommunane direkte økonomiske tap.

Det er stadig fleire eksempel på at dette fører til motstand mot, i staden for lokal oppslutning om, oppgraderingsplanar i dei berørte kommunane. Sagt på ein annan måte: Vasskraft-regimet (regelverket) kan medføra motstand mot utbygging i vertskommunane i staden for velvilje. For kommunane er dette snakk om inntekter som kjem innbyggjarane til gode.

Planane til Eviny er omfattande: 14-15 km nye tunellar som samla vil gje mellom 700.000 og 900.000 m3 tunnelmassar som skal plasserast. Sjølv om mykje skal skje under bakken, vil dette medføra relativt store inngrep i eit allereie sterkt påverka vassdrag. Då er det naturleg at me som både kommune og berørte grunneigarar ønskjer å få noko att.

Forutan at regelverket for konsesjonskraft er uklårt – er det per i dag også usikkert korleis dette vil påverka inntektene frå eigedomsskatten frå dei nye anlegga, men også på dei gamle kraftverka langs Kvitingsvassdraget.

Planane til Eviny er omfattande: 14-15 km nye tunellar som samla vil gje mellom 700.000 og 900.000 m3 tunnelmassar som skal plasserast. Sjølv om mykje skal skje under bakken, vil dette medføra relativt store inngrep i eit allereie sterkt påverka vassdrag. Då er det naturleg at me som både kommune og berørte grunneigarar
ønskjer å få noko att.

Det uklare regelverket kring konsesjonskrafta er det lite Samnanger kan gjera noko med åleine. Gjennom Landssamanslutninga for Vassproduserande kommunar (LVK) har me vore med på fleire høyringar og gitt felles innstillingar. Mellom anna følgjer LVK opp Energikommisjonen sine tilrådingar frå 2023, noko dagens regjering til no ikkje har gjort.

Moderniseringa av regelverket som Energikommisjonen viser til, gjeld mellom anna dagens prissystem for konsesjonskraft med eit «tospora» prissystem, der prisen for konsesjonskraft frå konsesjonar før 10. april 1959 vert rekna som individuell sjølvkost, medan kommunar med vasskraftverk som er bygd seinare betalar såkalla gjennomsnittleg sjølvkostpris fastsett av Energidepartementet (ED-pris). ED-prisen i 2025 er 12,89 øre/kWh (uendra sidan 2013… den er altså ikkje indeksregulert på 12 år…). Ved effektoppgraderingar vil individuell sjølvkost regelmessig auka til over 30-40 øre/kWh, noko som kan påføra kommunen direkte tap ved uttak av allereie tildelt konsesjonskraft, og utan auka konsesjonskraftmengde. Dersom kommunen let vera å ta ut konsesjonskraft for å unngå tap, risikerer kommunen å mista retten til konsesjonskraft for godt.

Thema Consulting (som var representert i kommisjonen) rår til at dei to prisregima vert slegne saman. Dersom ei slik samanslåing vert følgd ved at utviding av prisgrunnlaget for konsesjonskraft også omfattar sjølvkost frå oppgraderte vasskraftverk, vil lovendringa ikkje innebera nokon økonomisk belastning for kraftforetaka, men berre føre til ei anna periodisering og inkludering av faktisk sjølvkost ved uttak av all konsesjonskraft. Ei slik endring vil byggja på dei same motiva som låg bak innføringa av ED-prisen og vera i tråd med grunnprinsippet om at konsesjonskraft skal være ein varig fordel for vertskommunen.

LVK sine 161 medlemskommunar står samla bak denne oppfordringa til regjeringa (og: det regjering/storting som må gjera dette arbeidet) om straks å iverksetja det naudsynte lovendringsarbeidet før den lokale motstanden mot vasskraftoppgraderingar aukar. Utbygging av meir fornybar energi er kanskje vårt viktigaste klimatiltak, og manglane ved dagens regelverk for konsesjonskraft som Energikommisjonen peikar på, er i det perspektivet ei enkel, godt begrunna og heilt påkrevd lovendring utan nemneverdige økonomiske konsekvensar for kraftforetaka, men vil ha avgjerande betydning for oss kommunar som gjennom dagens oppgraderingsplanar vert bedne om å avstå endå meir av våre naturressursar til storsamfunnet.

Eviny jobbar vidare med planane om nye kraftverk i Samnanger